Personvernerklæring i Bømlo kommune

Norges lover-klubbe-kommunevimpel (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune nyttar og handterar personopplysningar om innbyggjarane våre og andre som søkjer om kommunale tenester.

Her finn du informasjon om innbyggjarane sine plikter og rettar.

Andre dokument om personvern:

Bømlo kommune som forvaltningsorgan

Tenestestader, kontor og andre som førebur saker og fattar vedtak, utgjer forvaltningsorgana i kommunen. Slike organ skal hjelpa til å sikra rettane til innbyggjarane.

For å kunna utføra oppgåvene som er lagt til forvaltningsorgana i kommunen er det naudsynt å ha tilgang til ulike typar opplysningar om den som treng eller har rett til hjelp. Naudsynte opplysningar kan verta henta frå den einskilde brukar eller frå andre der forvaltningsorgana i kommunen kan henta inn opplysningar med heimel i lov.

Opplysningane skal berre nyttast til det føremålet dei er innhenta, med mindre det er heimel for anna handsaming av opplysningane.

Dersom ikkje forvaltningsorganet har heimel i lov til å innhenta opplysningar frå deg, er det frivillig å gje opplysningar til kommunen sine forvaltningsorgan. Ver merksam på at dersom du vel å ikkje gje opplysningar, kan du missa retten til hjelp frå kommunen sine forvaltningsorgan.

Rett til personvern og teieplikt

Alle som utfører teneste for eit forvaltningsorgan, pliktar å hindra at andre får tilgang eller kjennskap til det han eller ho får vita om nokon sine personlege tilhøve. Dette gjeld og andre opplysningar som skal haldast hemmeleg av omsyn til den som opplysninga gjeld.
I enkelte saker er teieplikta særskilt streng.

Teieplikta gjeld ikkje for alle personopplysningar, sjå forvaltningslova § 13 2. ledd Teieplikt. Dersom dokument registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem inneheld personopplysningar som ikkje er underlagt teieplikt, vil opplysningane vera tilgjengelege  for alle via Bømlo kommune sine nettsider.

Lov om behandling av personopplysningar

Denne personvernerklæringa følgjer reglane i lov om behandling av personopplysninger (personopplysingsloven) av 15.06.2018 med tilhøyrande føresegner.

Rådmannen i Bømlo kommune er etter lova behandlingsansvarleg i Bømlo kommune. Det daglege ansvaret for pliktene til den behandlingsansvarlege er lagt til kommunen sine verksemdsleiarar.

Rett til informasjon om handsaminga av personopplysningar

Alle som ber om det, skal få vita korleis opplysningane om eigen person vert handsama.

Du har rett til innsyn

Du har rett til å kontakta verksemdene våre og be om å få vita kva opplysningar dei har om deg, kva opplysningane skal nyttast til, og kor dei er innhenta frå. Dette gjeld både elektroniske og manuelle register. Du skal få svar innan 30 dagar.

Me rår til at innsynsretten vert brukt og at du gjev melding til avdelinga det gjeld om feil og manglar i opplysningane som er registrert om deg.

Retting og sletting

Me rettar av eige tiltak opplysningar som me veit er mangelfulle eller feil. Du kan og krevja at feilaktige eller mangelfulle opplysningar om deg vert retta.


Du kan krevja at opplysningar om deg som ikkje er naudsynt for forvaltninga, vert sperra eller sletta.

Me slettar eller sperrar opplysningar som ikkje lenger er naudsynte for føremålet med registreringa. Dette gjeld ikkje dersom anna lovgjeving pålegg oss å oppbevara opplysningane. Til dømes kan dette gjelda rekneskapslova og arkivlova.

Når du ber om innsyn, retting og sletting, er dette gratis.

Vidareformidling

Me skal ikkje selja, byta eller på anna vis vidareformidla informasjon av nokon art, om deg, til tredjepart utan at du samtykkjer til dette eller kommunen med heimel i lov er pålagt å gje vidare informasjonen.

Dersom dokument registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem inneheld personopplysningar som ikkje er underlagt teieplikt, vil opplysningane vera tilgjengelege  for alle via Bømlo kommune sine nettsider.

Informasjonstryggleik

Me har etter personopplysningslova ansvar for å syta for at personopplysningane er tilstrekkeleg sikra.

Me har, mellom anna etter prioriteringar frå risikoanalysar, innført rutinar som skal gje naudsynt tryggleik.

Me sikrar at berre dei som treng tilgang til opplysningane for å utføra arbeidsoppgåver har tilgang til dei. Vidare sikrar me at opplysningar ikkje kan endrast eller slettast av andre enn dei som er autorisert til å gjera dette.

Me sikrar at personopplysningane er tilgjengelege når det er naudsynt for å utføra våre arbeidsoppgåver, for å gje deg best mogleg tenester.

Me går gjennom rutinane våre periodisk, slik at tryggleiken til ei kvar tid skal vera så god som mogleg. Dersom me oppdagar at ei rutine ikkje er følgt, vert dette grundig følgt opp.

Kontakt med Bømlo kommune om personvern

Dersom du har fleire spørsmål om handsaming av personopplysningar kan du ta kontakt med tryggleiksansvarleg Aud Gunn Løklingholm eller personvernombod Christine Grønås Mæland på tlf 53 42 30 00 eller postmottak@bomlo.kommune.no.

Publisert av Jostein Sæverud. Sist endra 01.08.2018
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering