Temaplanar og strategiar

Både kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel kan bli supplert og konkretisert gjennom kommunedelplanar, temaplanar og strategiar.  

Etter KPS og KPA vil kommunedelplanar (KDP) ha rang som «tunge» planar. Desse planane  vil ofte følgje plan- og bygningslova sine krav til prosess, medverknad og høyring. 
Temaplanar er ein slags «plan light», og kan vere omfattande nok, men treng ikkje nødvendigvis å følgje lovpålagte prosesskrav. Ein temaplan bør innehalde mål, strategiar og tiltak. Strategiar kan eigna seg for einskilde tema som bør bli utdjupa og bør innehalde målsetjingar. Tiltaka kan bli konkretisert seinare.
Til toppen