Koronavirus - informasjon

Visjon – slagord og verdiar

Visjon: Berekraftige Bømlo

Slagord: Driftige folk i vakker natur

Verdiar: Raus – modig – engasjert

Berekraftige Bømlo

Bømlo kommune har slutta seg til FN sine 17 berekraftsmål. For å nå desse må dei integrerast  i lokale planar og det må vera med på å styra våre avgjerder; frå overordna planar til daglege gjeremål og oppgåver. Difor er dei med og pregar oss som arbeidsgjevar, tenesteleverandør og samfunnsaktør. Det er viktig for oss at Bømlo kommune lykkast i å rekruttera, utvikla og behalda kvalifiserte medarbeidarar som skal levera gode tenester over tid.

Driftige folk i vakker natur

Dei fleste stadane i Noreg har vakker natur. Slagordet vårt er likevel ikkje tilfeldig valgt. I ei stor spørjeundersøking vart bømlingane spurt om kva fem ord som best kjenneteikna dei. Den soleklåre vinnaren var ordet driftig. Bømlo har eit innovativt næringsliv kjenneteikna av skapar- og berekraft – heilt frå den første industriarbeidsplassen på Hespriholmen for 10.000 år sidan.

Med sjø på alle kantar er mykje av industrien vår knytt opp mot fiske, oppdrett og sjøfart. Kopla mot den sterke gründertradisjonen og gjennomføringsviljen har det utvikla seg høgteknologiske miljø og mekanisk industri retta mot skipsfart, rederiverksemd knytt til fiske, frakt og offshoreindustri samt ei ekspansiv havbruksnæring.

Kombinasjonen av ei rekke verksemder innan maritim industri,  bygg & anlegg, handel og service gjer arbeidsplassane robuste i skiftande konjunkturar og marknader.

Verdiane våre

Raus – hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs

Modig – me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene

Engasjert – driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til gjennom samarbeid internt og samskaping eksternt

Til toppen