Totalforbod mot tenning av bål og open eld innført frå 3. juli 2018 og inntil vidare - brannsjefen.

Beredskap i Bømlo kommune

Bømlo kommune arbeidar for å førebyggja skader og vere best mogleg førebudd på at krisesituasjonar kan oppstå. Me gjer dette gjennom planarbeid og øvingar, og i samarbeid med mange andre aktørar for at innbyggjarane i Bømlo skal leva i eit trygt og godt lokalsamfunn. Ved ei uønska hending/krise vil framsida til kommunen si nettside verte omgjort til beredskapsportal for å gje viktig informasjon til innbyggjarane og media.

Bømlo kommune:
Sentralbord……..:   53 42 30 00

Kundetorget…….:   53 42 30 14

Telefaks………….:  53 42 30 01   


Bømlo kommune overordna beredskapsvakt / krise: 53 42 93 00

Bømlo brann og redning, vakttelefon: 958 48 007


Publikumstelefonar ved krise: Telefonnummer vert oppgitt ved kvart einskild høve.


Evt. pårørandetelefonar ved krise: Telefonnummer vert oppgitt ved kvart einskild høve.


Psykosoialt kriseteam: Det er er politi, lege/legevakt eller øvste leiing i kommunen som skal aktivera psykososialt kriseteam.

 

Befolkningsvarsling

 

Nød-SMS for døve, hørsels- og talehemma

 

Overordna krise- og beredskapsplan for Bømlo kommune (PDF, 2 MB)

 

NAUDNUMMER / VIKTIGE TELEFONNUMMER

Etat/avdeling

Telefon

Kommentar

 

 Brann og større ulukker

110  
 Politi -
og redningssentral
112 Naudmeldingar/kriminelle handlingar/fare for liv: tlf. 112.  Andre meldingar: tlf. 02800
 Ambulanse 113 Medisinsk naudtelefon
 Legevakt - interkommunal 116117 Shl. interkommunale legevakt
 Nød-SMS 110 -112-113  Nød-SMS teneste som gir døve, hørselshemmede  og talehemmedehøve til å sende SMS direkte til 110, 112 og 113 i nødsituasjoner
 Politi - Viltskade 02800  
 Bømlo lensmannskontor 02800  

 Vakthavande befal 
brann / miljøberedskap

 958 48 007  
 Beredskap sprengkulde
 - teknisk drift
948 15 153  
 BVA vakttelefon  53 42 88 45  Nettsida Bømlo Vatn og Avlaup
 SIB - barnevern sentralbord 53 49 66 00  Sunnh. interkomm. barnevern
 SIB vakttelefon  975 52 163  Open vekedagar 08.00- 14.00
 Krisesenter Vest - Stord 53 41 12 12  Krisesenter Vest - Stord
 Kirkens SOS  815 33 300  Kirkens SOS

 Alarmtelefon born og unge

116111 Open når vakttelefonen er stengt, dvs. vekedagar 14.00 - 08.00 og 24 timar helger og helgedagar.
 Nasjonal kontakttelefon for eldre ved vald og overgrep 800 30 196 Nasjonal kontakttelefon, råd og rettleiing når eldre vert utsett for vald og overgrep

 

Besøksadresse:
Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Opningstid mån-fre: 08.30-14.30


 

Kommunal kriseleiing (KKL)

Ved ei omfattande ulukke eller katastrofe kan ordføraren/rådmannen avgjera at det skal etablerast ei kriseleiing i kommunen. Redningsetatane, politi og brannvesen kan også be om at kriseleiinga vert etablert som støtte for redningsarbeidet.

Kommunen har ansvar for lokal kriseleiing/kriseplan med særleg ansvar for:

  • helse og sosialomsorg
  • brannvern
  • kommunalteknisk forureining
  • vern mot akutt forureining
  • radioaktiv forureining
  • rasjonering

Kriseleiinga si oppgåve er å gje støtte til pågåande redningsarbeid, samstundes som ein startar arbeidet med langsiktige verknader av ulukka/situasjonen. Dette gjeld både menneskelege og materielle verknader.

Sist endra 24.05.2018 08:48
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering