Folkevalde i Bømlo kommune

Kommunestyremøte i Bømlo. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bileteKommunestyremøte i Bømlo. (Bømlo kommune) Simon Knutsson Sortland      

Det er stortingsval kvart fjerde år. Fylkestingsval og kommunestyreval vert halde samstundes kvart fjerde år (neste gong i 2019). Sametingsval vert halde same år som stortingsval. Bømlo kommunestyre har 27 representantar fordelt på ni politiske parti i perioden 2015-2019. Nye parti sidan sist periode er Sosialistisk Venstreparti (SV) og Miljøpartiet dei grøne (MDG). Koalisjonen frå sist periode med Ap, Krf, V og Sp held fram, med Odd Harald Hovland (Ap) som ordførar og Sigrun Alvsvåg (KrF) som varaordførar.

Morten Helland (KrF) overtok som varaordførar hausten 2016 for Sigrun Alvsvåg. Kommunestyrerepresesentant John Magne Søvold melde overgang frå Ap til Høgre hausten 2017.


Kommunestyret 2015-2019:

  • Ap: 7
  • Krf: 5
  • Sp: 2
  • V: 2
  • SV: 1
  • Høgre: 6
  • Frp: 2
  • PDK: 1
  • MDG: 1

Formannskapet 2015-2019:

  • Arbeidarpartiet: 2
  • Kristeleg Folkeparti: 2
  • Senterpartiet: 1
  • Venstre: 1
  • Høgre: 2 
  • PDK: 1
     

NB: Frå hausten 2017 melde kommunestyrerepresentant John Magne Søvold overgang frå Ap til Høgre slik at Ap no har 7 og Høgre 6 representantar i kommunestyret.

 

Oversikt over ordførarar i Bømlo kommune gjennom tidene.

 

Reglement for politiske organ og delegeringsreglement i Bømlo kommune.   

Sist endra 20.11.2017
Fant du det du leitte etter?