Formannskapet

Bømlo formannskap 2017: f.v Vanja Espeland (V), Sammy Olsen (Sp), Birgit S. Esperø (KrF), Torunn Laurhammer (Ap), varaordførar Morten Helland (Krf), ordførar Odd Harald Hovland (Ap), formannskapssekretær Jorunn Steinsvåg, Anri Håvard Hebib (H), Signe Lund Jansen (H) og Lars Kåre Katla (PDK). (Bømlo kommune) - Klikk for stort bileteBømlo formannskap 2017: f.v Vanja Espeland (V), Sammy Olsen (Sp), Birgit S. Esperø (KrF), Torunn Laurhammer (Ap), varaordførar Morten Helland (Krf), ordførar Odd Harald Hovland (Ap), formannskapssekretær Jorunn Steinsvåg, Anri Håvard Hebib (H), Signe Lund Jansen (H) og Lars Kåre Katla (PDK). (Bømlo kommune) Simon Knutsson Sortland

 

Formannskapsmedlemer og varamedlemer i perioden 2015 - 2019



Formannskapet er på vegne av kommunestyret kommunen sitt sentrale styringsorgan, med eit særleg ansvar for økonomi- og plansaker. Det gjer i tillegg vedtak i ei rekkje saker etter fullmakt frå kommunestyret. Formannskapet har også mynde å gjera vedtak i saker som skulle vore avgjort av anna kommunalt organ, når det ikkje er tid til å innkalla dette, jf. kommunelova § 13. Formannskapet er kommunen sitt klageorgan.

 

Møta i formannskapet vert leia av ordføraren. Møtebøkene som vert ført av formannskapssekretæren er å finna i denne portalen, sjå vedkomande møte. Formannskapet møter til vanleg ein gong i månaden, med unntak av juli og august. Møta vert som regel haldne i formannskapssalen i tredje høgda på rådhuset. Møta tar til kl 09.00, og er opne for publikum, sjå annonsering i avisene då det kan kome endringar.

 

Saksdokument som ein finn i portalen under Politiske møte, kan ein også få ved å venda seg til Fellessekretariatet på rådhuset eller på hovudbiblioteket på Svortland.

Sist endra 05.09.2017
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering