Kommunestyre

Oversikt kommunestyrerepresentantar 2019-2023. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Kommunestyrerepresentantar valperioden 2019-2023
 

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ, leia av ordføraren. Det vert vald direkte av folket for fire år om gongen. Kommunestyret har til vanleg møte ein gong pr månad. Vanleg tidspunkt for møtestart er kl 18.00, og møta er opne for publikum. Enkelte møte vert lagd til andre stader i kommunen, og i desse møta er det høve for publikum å stilla spørsmål til ordføraren i den opne spørjetimen før møtet.

Spørsmål bør sendast til ordføraren minst tre dagar før møtet, slik at han kan førebu seg og dermed kunna gje best mogleg svar. Kommunestyret gjer vedtak på vegne av kommunen så langt vedtaksretten ikkje er delegert til andre organ. Alle saker som er av prinsipiell natur skal avgjerast av kommunestyret sjølv. Dette gjeld m.a.  budsjett, økonomiplan og overordna rammeplanar for den kommunale verksemda.

Saksdokument som ein finn i portalen under Politiske møte, kan ein også få ved å venda seg til Fellessekretariatet på rådhuset eller på hovudbiblioteket på Svortland. Kommunestyret i Bømlo har 27 representantar.

 

Formannskapet skal ha ni medlemer valde av og mellom kommunestyrerepresentantane, jf. kommunelova §8. I valperioden 2019-2023 er desse medlemer:
 

Sammy Olsen (Sp) - ordførar
Ragnfrid Sønstabø (H) - varaordførar
Inge Reidar Kallevåg (H)
Anne Torill Johannesen (Frp) 
Anne Beth Njærheim (V)
Torunn Laurhammer (Ap) 
Endre Barane (Ap)
Morten Helland (Krf) 
Birgit S. Esperø (KrF)

 

Kommunen har følgjande politiske utval med sju faste medlemer:

 

Utval for næring, innovasjon, idrett og kultur:

Bjørn Asle Teige (Sp), leiar
Signe Lund Jansen (H), nestleiar
Sonja Hellen Sele (H)
Frode Urangsæter (FrP)
Jalle Bråthen (Ap)
Tilla E. Instefjord (Ap)
Sigrid Å. Tolås (KrF/MDG)
 

Utval for levekår:

Ole Johan Jensen (Frp), leiar
Jørgen Søvold (H), nestleiar
Lena Olsen (H)
Heidi Grindheim Nimoson (PDK)
Atle Nordtun (Ap) 
Marita Ådnanes (KrF) 
Unni Seim (SV)
 

Utval for natur, klima og miljø:

Frank Schmidt (V), leiar
Trygve Søvold (Frp), nestleiar
Miriam Sortland (Sp)
Hasmik Vardanyan (H)
Sverre H. Sørensen (Ap)
Lars Gunnar Ersland (KrF)
Brita Servan (MDG)
 

Utval for areal og samferdsle:

Aslaug Skimmeland Huse (H), leiar
Asbjørn A. Sætre (PDK), nestleiar
Åsmund Håvik (H)
Tone Stavland (V)
Siv Linda Vespestad (Ap)
Karsten Fylkesnes (KrF/MdG)
Ove Halleraker (Uavh.)
 


Møta er opne for publikum, sjå møteplan og annonsering i avisene.     

 

Partivis fordeling av representantar etter valet 2019:

  • Arbeiderpartiet (Ap): 5
  • Kristeleg Folkeparti (KrF): 5
  • Senterpartiet (Sp): 3 
  • Venstre (V): 1
  • Sosialistisk Venstreparti (SV): 1
  • Høgre: 7
  • Framstegspartiet (Frp): 3
  • Partiet De kristne (PDK): 1
  • Miljøpartiet dei grøne (MDG): 1

 

NB: Etter valet melde Ove Halleraker seg ut av Sp og er no Uavhengig representant i kommunestyret.

 

Lenke til oversikt over gruppeleiarar

Sist endra 24.10.2019 10:32
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering