Kommunestyre

Kommunestyret i Bømlo kommune 2015-2019. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Kommunestyrerepresentantar valperioden 2015-2019 

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ, leia av ordføraren. Det vert vald direkte av folket for fire år om gongen. Kommunestyret har til vanleg møte ein gong pr månad. Vanleg tidspunkt for møtestart er kl 18.00, og møta er opne for publikum. Enkelte møte vert lagd til andre stader i kommunen, og i desse møta er det høve for publikum å stilla spørsmål til ordføraren i den opne spørjetimen før møtet.

Spørsmål bør sendast til ordføraren minst tre dagar før møtet, slik at han kan førebu seg og dermed kunna gje best mogleg svar. Kommunestyret gjer vedtak på vegne av kommunen så langt vedtaksretten ikkje er delegert til andre organ. Alle saker som er av prinsipiell natur skal avgjerast av kommunestyret sjølv. Dette gjeld m.a.  budsjett, økonomiplan og overordna rammeplanar for den kommunale verksemda.

Saksdokument som ein finn i portalen under Politiske møte, kan ein også få ved å venda seg til Fellessekretariatet på rådhuset eller på hovudbiblioteket på Svortland. Kommunestyret i Bømlo har 27 representantar. Formannskapet skal ha ni medlemer valde av og mellom kommunestyrerepresentantane, jf. kommunelova § 8.


 
Kommunen har følgjande politiske utval:

Møta er opne for publikum, sjå møteplan og annonsering i avisene.     

 

Partivis fordeling av representantar etter valet 2015:

  • Arbeiderpartiet (Ap): 8
  • Kristeleg Folkeparti (KrF): 5
  • Senterpartiet (Sp): 2
  • Venstre (V): 2
  • Sosialistisk Venstreparti (SV): 1
  • Høgre: 5
  • Framstegspartiet (Frp): 2
  • Partiet De kristne (PDK): 1
  • Miljøpartiet dei grøne (MDG): 1

 

NB: Frå hausten 2017 melde kommunestyrerepresentant John Magne Søvold overgang frå Ap til Høgre slik at Ap no har 7 og Høgre 6 representantar i kommunestyret.

Lenke til oversikt over gruppeleiarar

Sist endra 20.11.2017 15:57
Fant du det du leitte etter?