Ordføraren vår

Ordførar Odd Harald Hovland i toppen av Slåtterøy fyr. - Klikk for stort bilete

 

Ordføraren i Bømlo kommune heiter Odd Harald Hovland. Han representerer Arbeiderpartiet og vart først valt til ordførar for valperioden 2011-2015. Under konstituerande kommunestyremøte 19. oktober 2015 vart han attvald for perioden 2015-2019.

Ordføraren er kommunen sin øvste politiske leiar og frontfigur. Han leier møta i  formannskapet og kommunestyret, og han er kommunen sin rettslege representant. Ei viktig oppgåve for ordføraren er å vera bindeledd mellom dei folkevalde og administrasjonen. Ordføraren har kontor i første høgda i rådhuset på Svortland.   


Om å kontakta ordføraren
Ta gjerne kontakt med ordførar Odd Harald Hovland. Men ha på minnet at både e-postsendingar og annan post vil bli handsama i samsvar med "Lov om offentlighet i forvaltningen." Dermed må du rekna med at innhaldet i meldinga di kan bli offentleg tilgjengeleg.     


Tenk på følgjande før du sender brev eller e-post til Bømlo kommune (PDF, 30 kB)

 

Ordførar Odd Harald Hovland (Foto: Simon Knutsson Sortland) - Klikk for stort bilete Slik kjem du i kontakt med ordføraren:
Telefon: 53 42 30 10
Mobil: 992 93 393
Telefax: 53 42 30 01
E-post: Odd.Harald.Hovland@bomlo.kommune.no  

 

 

 


Besøksadr.: Rådhuset, Svortland
Postadr.: Bømlo kommune
v/ordførar Odd Harald Hovland,
Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes


 

Publisert av Simon Sortland. Sist endra 20.10.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering