Ordførar Odd Harald Hovland var i Oslo 15. mai saman med dei fleste av landet sine 428 ordførarar og 19 fylkesordførarar. Det vart teke eit fellesbilete framfor Stortinget og ei mottaking på Slottet. Her helsa Hovland og dei andre gjestene på HM Kong Harald, dronning Sonja, Kronprins Håkon, Kronprinsesse Mette Marit og Prinsesse Astrid.
I samband med Grunnloven sitt 200-års jubileum skal Eidsvoll 1814 i samarbeid med NRK P1 "Norgesglasset" lage ei broderkjede frå nord til sør i Noreg. 20. mai 1814 uttrykte mennene i Eidsvoll samhaldet sitt med å danne ei slik kjede under slagordet "Enig og tro til Dovre faller".
20. mai 2014 klokka 12.00 er alle kommunar i landet invitert til å gjere det same. Norgesglasset skal ha innslag frå fleire stader, før, under og etter broderkjeda. Skular, barnehagar, institusjonar, arbeidsplassar med vidare vert oppmoda til å lage ei så lang kjede som mogleg, ta eit bilete av den og sende inn ein mms eller dele bilete på Instagram. Ein må òg skrive kor bilete er tatt, kor mange som var med og kor lang kjeda er. Norgesglasset vil basert på denne informasjonen prøve å finne ut kor lang ei samla broderkjede hadde vorte.
Utfordringa er sendt vidare til alle bømlingar frå ordførar Odd Harald Hovland. – Kven lagar den lengste kjeda på Bømlo, spør han.
7-8. juni
Felles grunnlovsfeiring i Sunnhordland
Hovudsamling 7. juni i Moster amfi
Hovudsamlinga er kl. 15.00 pinseaftan, laurdag 7. juni. Her vil leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, ordførar Kjetil Hestad, ta del.
Kjell Magne Bondevik, tidlegare statsminister og grunnleggjar og leiar av Oslosenteret for fred og menneskerettar, vil halda foredrag med tema: «Menneskeverd, menneskerettar og demokrati.»
På denne samlinga vil Tora Mostrastongprisen for 2014 bli delt ut, og prisvinnar Ingvill Konradsen Ceide held foredrag med tema: «Prosjekt Haiti.»
Det vert kulturelt program, mellom anna eit utdrag frå Mostraspelet.
Parallelt med hovudsamlinga, vert det aktivitetar for born i Mostratunet.
Anna program: Det vert mellom anna:
-
Historisk tablå i Miniamfiet
-
Framsyning av «hal maR» i Amfisalen
-
Song og samtale med foredragshaldarane i Moster gamle kyrkje
-
Høve til å kjøpa mat fleire stader
Pinsegudsteneste 08. juni kl. 11.00 Ved biskop Ingeborg Midttømme, Bømlo Janitsjar og Bremnes Kantori.