Avventande til samanslåing

Formannskapet i Bømlo har inga hastverk med å slå seg saman med andre kommunar, vil at den vidare prosessen skal finansierast av fylkesmannen og det vert ei rådgjevande folkeavrøysting før eit eventuelt vedtak om samanslåing.

Bømlo formannskap 2. juni 2015. - Klikk for stort bilete

Kommunereforma i Sunnhordland

 

Tidlegare artiklar om kommunereforma i Sunnhordland

 

Det er hovudbodskapen i ei samrøystes innstilling til kommunestyret som handsamar saka 22. juni. Det er påtroppande rådmann Geir E. Aga som har ført saka om kommunereforma i pennen til formannskapsmøtet tysdag 2. juni. Etter debatten i formannskapet stilte alle medlemene seg samrøystes bak ei innstilling til kommunestyret i seks punkter:

  1. Bømlo kommunestyre tek forprosjekt – ny kommunereform i Sunnhordland til orientering
  1. Bømlo kommunestyre vedtek at kommunen skal gå inn i ein prosess for å vurdere mogeleg endra kommunestruktur i Sunnhordland. Prosessen skal vere avslutta seinast mars 2016.
  1. Det skal haldast rådgjevande folkeavrøysting før Bømlo kommune eventuelt kan gjere vedtak om å inngå i ein større kommune
  1. Det er eit reelt alternativ å vidareføre Bømlo kommune som eigen kommune – det såkalla 0-alternativet. Dette alternativet skal utgreiast i høve til nye kjende rammevilkår for vår kommune spesielt, og nye oppgåver for kommunane generelt.
  1. Det utvida formannskapet skal også i den vidare prosessen fungera som kommunen si referansegruppe i prosjektet, og får fullmakt til å ta stilling til organisering og gjennomføring av prosjektet.
  1. Kommunestyret legg til grunn at ein eventuelt kjem attende til spørsmål om finansiering av arbeidet og føreset at det vert stilt midlar til rådvelde frå Fylkesmannen i Hordaland.


    Saksframlegget i formannskapet
Sist endra 03.06.2015
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering