- Kommunereforma er viktig

Kommunereforma med spørsmål om nye oppgåver til komunane og kommunesamanslåingar vil prega lokalpolitikken framover.

Ordførar Odd Harald Hovland heldt innleiingsføredrag på folkemøtet. - Klikk for stort bilete Ope møte i regi av Fagforbundet Bømlo - Kulturhuset mandag 08.06.2015 kl. 18:30 med Unni Hagen (PDF, 55 kB)


- Bømlo er ein sterk kommune og eg tykkjer me skal leggja vekk frykta for å bli slegen saman med Stord. Me må heller fokusera på det me vil som innbyggjarar i Bømlo, meiner Vanja Espeland. Ho var ein av kring 200 tilhøyrarar i kulturhuset onsdag 18. februar på det første folkemøtet om kommunereforma.  

 

Lær meir på Samarbeidsrådet for Sunnhordland si nettside om Kommunereforma

 

Det første folkemøtet om kommunereforma engasjerte innbyggjarane i Bømlo, i motsetnad til tidlegare folkemøter i Etne, Kvinnherad og Stord. Frammøte syner at bømlingane ikkje har tenkt å la alt bli bestemt av andre, og at dei ynskjer å vere velinformert før dei vil seie si meining i ei folkeavrøysting.  

 

Større perspektiv
- Om Bømlo kommune er ein stor kommune i Hordaland i dag, er det ikkje sikkert den vil halda fram med det når kommunekartet rund endrar seg, påpeika leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andrè Njåstad. Han heldt eit innlegg om korleis regjeringa og Stortinget ser på kommunereforma. Njåstad poengterte at når dei no skal oppdatera kommunekartet, må dei sjå lenger framm enn til i morgon.


Om skepsisen og frykta for samanslåing med Stord var stor før møtet, er vel stemninga i etterkant at me har lite å frykta og må konsentrere oss om kva me vinn eller tapar på ei eventuell samanslåing. Rådmann Sverre Olav Svarstad hadde ei stø hand på møteleiinga, og losa det vel tre timar lange folkemøtet vel i hamn.


- Eg har fått mange gode tilbakemeldingar frå folk etter møtet. Dei syntes det var eit godt møte, og fleire peika på at det opna for eit større perspektiv enn berre eit ja eller nei til samanslåing med Stord. Bømlingane er engasjerte, og det lovar godt for den vidare prosessen fram til folket og kommunestyret skal ta ei endeleg avgjerd neste sommar, seier ordførar Odd Harald Hovland.  

 

Sjå Sunnhordland si dekning av møtet her (PDF, 689 kB)
Sjå førehandsomtalen av møtet her

 
 
Vegard Enerstvedt (18) (t.v) stilte spørsmål om kommuneøkonomi og skule under folkemøtet om kommunereforma i Bømlo kulturhus. - Klikk for stort bilete I panelet deltok f.v leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andrè Njåstad, ordførar Odd Harald Hovland, Tysnes-ordførar og styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Kjetil Hestad, Stord-ord­førar Liv Kari Eskeland, tidlegare rådmann i Sveio og Haugesund, Odd Henry Dahle og tidlegare Bømlo-ordførar og gruppeleiar for Høgre Inge Reidar Kallevåg. Debattleiar var Bømlo-rådmann Sverre Olav Svarstad. - Klikk for stort bilete Leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge Andrè Njåstad (Frp), heldt eit informativt og humoristisk innlegg på det første folkemøtet  om kommunereforma i Bømlo. - Klikk for stort bilete
Sist endra 27.05.2015
Fant du det du leitte etter?
Nyttige lenker (1)
 
Login for redigering