- Kommunereforma treng ein faneberar

 - Politikarane må ta styringa, elles er reforma dødfødt. Den største kommunen må heller ikkje drive fram samanslåinga då dei andre lett kan føla seg overkøyrde, meiner Stokke-ordførar Erlend Hansen (H). Han har vore sentral i samanslåinga av Vestfold-kommunane Sandefjord, Andebu og Stokke.

Ordførarane Renate Klepsvik, Austevoll - Wenche Tislevoll, Fitjar - Kjetil Hestad, Tysnes - Odd Harald Hovland, Bømlo - Synnøve Solbakken, Kvinnherad og Sigve Sørheim, Etne kommune. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Kommunereforma i Sunnhordland

 

Dei sju formannskapa og tillitsvalde frå kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes fekk klåre råd då dei var samla til eit fellesmøte om kommunereforma på Stord Hotell 26. mai.


Ungdomen vil bli høyrt
- Ungdomen er oppteken av at alle skal få like tilbod uansett i kva kommune dei bur. Me er opptekne av samferdsel slik at me lett kan samlast og vere med på ulike aktivitetar på fritida. Men dei fleste ungdomane har ikkje peiling på kva denne kommunereforma er og de snakkar eit språk me ikkje forstår. De bør stilla opp ved haustens skuleval for å informera oss, var utfordringa frå leiar Ingrid Bergesen i Fitjar ungdomsråd og kollega Sunniva Grov Framnes frå Stord.     


- Ordførarane må gå i front
- Treng de samanslåing er det første de må finne ut av. Om svaret er ja må de deretter snakka godt i lag. Ordførarane og politikarane må ivra for samanslåing og drive prosessen framover, understreka samanslåingsordføraren frå Vestfold. Han la til at det difor ikkje er nokon god ide at Samarbeidsrådet er drivkrafta.    


- Større kommunar gir fordelane med større fagmiljø med spisskompetanse og etatane mindre sårbare for sjukdom, meiner Larsen.  


Noko avventande
- Kvinnherad er framleis skeptisk til ei samanslåing, og me er store nok til å stå på eigne bein. Me er likevel opne for samtalar, understreka ordførar Synnøve Solbakken.  


- Framtida er ferjefri, og me vil ha eit heilt anna bilete enn det me ser for oss i dag, meiner formannskapsmedlem Sigbjørn Framnes i Stord. Med alle sunnhordlandskommunane landfast ynskjer han seg ein størst mogleg sunnhordlandskommune der både Kvinnherad og Austevoll er med.

 

Rapporten er klar
Prosjektleiar Odd Henry Dahle orienterte om prosessen som har munna ut i ein 120 sider lang prosjektrapport om framtidig kommunestruktur i Sunnhordland og vidare framdriftsplan. Rapporten er klar til å handsamast i dei ulike kommunestyra før sommaren.

 
 
 
Medlem i Stord ungdomsråd  Sunniva Grov Framnes og leiar Ingrid Bergesen i Fitjar ungdomsråd (t.h) (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Tysnes-ordførar Kjetil Hestad og prosjektleiar for kommunereforma Odd Henry Dahle (t.h). (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Formannskapa frå sju sunnhordlandskommunar samla på Stord Hotell. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Kvinnherad-ordførar Synnøve Solbakken sa seg framleis skeptisk til kommunesamanslåing. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Sist endra 27.05.2015
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering