Kontrollutvalet i Bømlo kommune

Kontrollutvalet i Bømlo 2019-2023. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar. Ein representant har sete i kommunestyret. Medlemmane og varamedlemmane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval.For valperioden 2019-2023 er Lene Borgen Waage (Ap) leiar og Vegard Enerstvedt (H) nestleiar.  

Kontrollutvalet er heimla i kommunelova §77 og forskrift om kontrollutval.  

 

Oversikt medlemane i Kontrollutvalet 2019-2023
 

Innkallingar, sakspapir og møteprotokollar for Kontrollutvalet 2019-2023

 

Innkallingar, sakspapir og møteprotokollar for Kontrollutvalet 2016-2019
 

Kontrollutvalet sin møteplan for 2020 - ikkje vedteke enno
 

Oppgåver

Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne. Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverke til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.  


Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen. Sekretariatet for kontrollutvalet ligg under Hordaland fylkeskommune. Dette er også grunnen til at de ikkje finn møteinnkallingar og møteprotokollar til Kontrollutvalet på kommunen sitt Innsyn (digitale post- og utvalslister).


Bømlo kommune har inngått avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.  


Bømlo kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Hordaland fylkeskommune. Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter.  


Døme; føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Dei pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg. Henvending til sekretariatet for kontrollutvalet i Bømlo kan sendast til kontrollutvalet@hfk.no


Kontrollutvalet har normalt frå 5 til 7 ordinære møter i året. Møta er opne pr i dag, og vert avvikla i Bømlo rådhus. Normalt er møtestart klokka 10.00.

Medlemmer i Kontrollutvalet
Medlemmer i Kontrollutvalet
Medlem/Parti/VervTlf./mobilVaramedlem/Parti
Lene Borgen Waage, Ap, leiar959 34 462John Bjørn Mikalsen Ap, Elise Skjenald Ap
Vegard Enerstvedt, H, nestleiarJonas Ellingsen Næsse H, Solfrid Ytrøy H, Hildegard Halleraker H
Silje Sivertsen, VBente Helen Natterøy V, Mohammad Moosapour V, Anne Marie Meling V
Anfinn G. Tolås, KrFPer Ole Fylkesnes Krf, Magne Rolfsnes KrF, Sissel Torkelsen Larsen KrF
Arne Zahl Røksund, SVRune Indrehus SV, Dag Lothe SV
Møteplan Kontrollutvalet 2020
Møteplan Kontrollutvalet 2020
DATOMØTESTARTMØTESTAD
Kl. 10.00Formannskapssalen
Kl. 10.00Formannskapssalen
Kl. 10.00Formannskapssalen
Kl. 10.00Formannskapssalen
Kl. 10.00Formannskapssalen
Møteplan for 2020
Sist endra 07.01.2020
Fant du det du leitte etter?
Aktuelle lover og regleverk (1)
 
Login for redigering