Totalforbod mot tenning av bål og open eld innført frå 3. juli 2018 og inntil vidare - brannsjefen.

#Bømlo2049 - informasjonsside for samfunnsdelen i kommuneplanen

Forside #2049 Bømlo (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

#Bømlo2049 er kjenneteiknet for Bømlo kommune sin informasjon om den nye kommuneplanen 2018-2048 sin samfunnsdel. Her finn du óg det elektroniske innspelsskjemaet me ynskjer vert nytta for å få inn alle gode idear og tankar for å gjere Bømlo kommune til ein god stad å bu og arbeida.

«Eit godt lokalsamfunn er summen av alle som bur der. Me må lage ein plan som legg grunnlaget for eit sterkt næringsliv med eit mangfald av arbeidsplassar, attraktive bumiljø og eit godt offentleg tenestetilbod». Det seier ordførar Odd Harald Hovland i innleiinga i planprogrammet for kommuneplanen sin samfunnsdel.

 

Kva er kommuneplanen?

Det er lovbestemt i Plan- og bygningslova (PBL)  at alle kommunar skal ha ein kommuneplan, og den består av to delar: ein samfunnsdel og ein arealdel. Den viktigaste delen er samfunnsdelen som er eit verktøy for kommunen si heilskaplege planlegging. Arealdelen blir ei oppfølging av samfunnsdelen.
Sjå planprogrammet for meir info om kva ein kommuneplanen og andre planar.

 

Om kva

Det er to store og sentrale ting som me skal jobbe saman om: VISJON og utvalde HOVUDTEMA.

 

Kven er me Bømlingar? Kva gjer oss unike? Kor er me einige om at me vil gå, saman?


Ein VISJON handler er eit framtidsideal, og kan gje retning og slagkraft for korleis me ønsker Bømlo skal utvikle seg dei neste 30 år. Ein visjon er eit framtidsbillete som me alle kan stille oss bak og bli inspirert av.

 

Arbeidsplassar, attraktive lokalsenter, strandsone, reiseliv, landbruk, akvakultur, inkludering og frivillig arbeid er berre nokre stikkord frå dei HOVUDTEMA som kommuneplanen skal handle om. Desse blei godkjent av kommunstyret i mars 2018 i «Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel».

 

Korleis – innspel og medverknad

No kan du vere med på lage samfunnsdelen og vil legge stor vekt på medverknad frå heile lokalsamfunnet.

 

Mellom anna skal me:

  • Halde innspelstorg og opne informasjonsmøte, fysisk og på nett
  • Lytte til grendautvala og folkemøter dei arrangerer
  • Samarbeide med Eldrerådet, ungdomsrådet og engasjere barn
  • Nytte eiga innspelsside på nettet

Følg med i lokalavisa og på kommunen sine nett- og facebooksider for annonseringar.

 

MITT INNSPEL #Bømlo2049


Har du innspel til samfunnsdelen? Bruk dette skjemaetIllustrasjonsbilete til Mitt innspel #Bømlo2049. (Bømlo kommune)

 

 

 

 

 

 

 

Tidsplan

Store delar av 2018 skal me saman lage eit utkast til kommuneplanen sin samfunnsdel sånn at kommunestyret kan godkjenne denne før sommeren 2019. I 2019 setter me i gong arbeidet med ny arealdel. 
 

#Bømlo2049 tidsplan (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

Organisering

Arbeidet blir organisert av ei administrativ arbeidsgruppe med ordførar som folkevald representant. Ei styringsgruppe følger arbeidet og består av politisk (ordførar, varaordførar, to andre kommunestyrerepresentantar) og kommunal (rådmann, kommunalsjefar, samfunnsplanleggjar) leiing.

Sist endra 31.05.2018 08:39
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 30 56
Mobil:
480 04 218
Tittel:
samfunnsplanleggjar
Bunnhjørne
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering