Frigir kulturskattar digitalt

Bømlo kommune har digitalisert nær 450 lydspor med historisk innhald i eit eige lydarkiv. Desse er gjort tilgjengeleg via tenesta Soundcloud.

Spel av lydspora her 

Her finn du opptak av samtalar med personar som fortel om sine levevilkår rundt århundreskiftet, minnestoff frå okkupasjonsåra, om skulen før i tida, misjonsforeiningsliv, song- og musikktradisjonar m.m. Opptaka er spor etter menneska sitt liv og virke, kytt til historiske hendingar, tru og tradisjon. Kulturminne er ei kjelde til kunnskap om eiga historie, opplevingar, grunnlag for verdiskaping og styrking av identitet, fellesskap og stadtilhøyrsle. 

Spelelistene som er offentleggjorte

  • Bømlokassetten
  • Skulen i Aga
  • Ymse kassettar frå Bømlo
  • Martin minnes
  • Song og musikktradisjonar i Bømlo
  • Menns levekår rundt århundreskiftet 
  • Kvinners levekår rundt århundreskiftet 
  • Minnestoff frå okkupasjonsåra 
  • Bømlo Krigshistorie 
  • Om arbeidet på Wichmann 
  • Gullgruvene på Lykling 
  • Eit barndomsminne 
  • Baadehuset 
  • Bergehuset 
  • Røykjeriet på Hiskholmen 
  • Nils Kolle intervjuar 
  • Foldrøy, Wichmann, gullgruvedrift på Lykling og Hillestveit skule 
  • Skulen i Bømlo
  • Ein kyrkjesundag då du var liten 
  • Misjonsforeiningsliv 
     


 

Til toppen