Har du kommunal nøkkelboks?
I Bømlo kommune har me i fleire år hatt kommunal nøkkelboks på veggen til tenestemottakar som har heimetenester av ulik grad, slik at heimetenestene sitt personale og Bømlo brann og redning kan kome seg inn i heimen ved tenestebesøk.
Informasjon om nedmontering nøkkelboks.
Me opplever ofte at tenestemottakar flyttar eller det oppstår endringar i livssituasjonen som gjer at nøkkelboksen vert ståande att på husveggen etter avslutta tenestebehov.
Har du ein slik nøkkelboks hengande på husveggen som ikkje er aktivt i bruk?
Ta kontakt med Christine Grønås Mæland - 468 34 361 så skal me hjelpe med å ta ned denne frå husveggen.
Sist endra 07.06.2023 09:39