Havnespy skapar utfordringar

Har du tenkt å kjøpa ei brukt flytebryggje, eller flytta på ei? Les dette om havnespy.

Havnespy, eller Didemnum vexillum som arten heiter, skapar no utfordringar i Karmsundet. Karmsund havn IKS går difor ut til alle sine seks eigarkommunar med ei sterk oppmoding om å informera innbyggjarane sine, og særleg grunneigarar som har fått pålegg om å fjerna ulovlege tiltak i sjø.

Ulovlege tiltak i sjø kan til dømes vere flytebryggjer ein ikkje har søkt om å få plassert ut. Fleire har fjerna til dømes flytebryggjer frå lokasjoner i Haugesund og Karmøy til lokasjoner i Sveio og Tysvær grunna pålegg om å fjerna eit ulovleg tiltak. Dette kan vere med og spreie havnespy.

Må tørka ut

Ved flytting av flytebryggjer eller anna som har stått i sjøen ein periode, må denne først takast på land og tørkast ut, slik at havnespy tørkar ut og døyr. Dette gjeld også ankringslodd og fortøyningar. Etter at dette er tørka ut skikkeleg, kan du reingjere, før flytebryggje/andre innretningar og utstyr flyttast til ny lokasjon.

Les meir om havnespy frå Statsforvaltaren i Rogaland

Til toppen