Influensa- og koronavaksine hausten 2023

Det er haust og tid for å ta influensa- og koronavaksine. Drop-in vaksineringa er no ferdig for hausten. Om du ynskjer influensa- eller koronavaksine så kan du kontakta helsestasjonen på telefon 53 42 33 37 og få ein time til vaksine.

Influensaviruset endrar seg heile tida, og vaksina er tilpassa desse endringane kvart år. Effekten av vaksina avtar over tid. Det tar 10-14 dagar frå vaksina er sett til du kan forventa effekt. For å få best mogleg vern bør ein vaksinere frå oktober til desember, men ein har nytte av vaksineringa så lenge det er influensa i omløp.

Kven bør vaksinera seg:

Alle over 65 år bør ta både influensa- og koronavaksine. I tillegg er det tilrådd begge vaksinane til dei som er kronisk sjuke, har alvorleg fedme eller er gravide i 2. og 3. trimester.

Influensavaksinen tilrådast også til:
• Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
• Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
• Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser
 
Vaksine mot lungebetennelse (Pneumokokk) er tilrådd same gruppe som dei som er tilrådd influensavaksine (unntak helsepersonell og svinerøktarar). Effekten av vaksina avtar over tid. Pneumokokkvaksine bør gis kvart 6. år. Influensavaksine og koronavaksine kan gis samstundes. For dei som ønskjer vaksine mot lungebetennelse, kan denne ikkje setjast samstundes som koronavaksina, her må det gå minimum 1 veke.
 

Helsestasjonen på Bremnes

Timebestilling for vaksinasjon på telefon 53 42 33 37

MOSTER:
Dei som har fastlege på Moster legekontor kan ta kontakt med legekontoret for timeavtale - telefon 53 42 33 80.

Betaling

Betaling skjer med kort eller Vipps

  • Koronavaksina er gratis
  • Influensavaksina kostar kr 250,-
  • Pneumokokkvaksina kr 450,-
Til toppen