Inviterer byggebransjen til samling
Bømlo kommune inviterer 14. september byggebransjen til møte om rullering av kommuneplanen sin arealdel (KPA). Tema er prosessen og arbeidet med rulleringa av KPA, framdriftsplan og å få ein god dialog med næringa rundt kva som er foreslått endra i føresegnene frå gamal til ny KPA.
- Kva endringar og punkt er viktige for verksemdene og kva spørsmål har dei knytt til andre delar av KPA-arbeidet. Skal me få ei best mogleg rullering av arealdelen til kommuneplanen er det viktig at me har god dialog og får innspel frå vår lokale byggebransje eller dei som arbeider med prosjekt i Bømlo kommune, understrekar kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland.
Bømlo kommune arrangerer møte om rullering av kommuneplanen sin arealdel (KPA) i samarbeid med Atheno delA-byggfagforum. Møtet er 14. september frå kl. 09.00-11.00 i kommunestyresalen.
Påmelding sendast til Atheno
Sist endra 29.08.2023 08:20