Valmedarbeidarane Vibeke Robberstad Sortland (i skranken) og Jenny Aanderaa rettleiar ved førehandsrøystinga på Kundetorget i Rådhuset.
Simon Knutsson Sortland
Det er Fellessekretariatet sine fem medarbeidarar som sørgjer for at valet går rett føre seg i bømlo kommune. Leiar Jorunn Steinsvåg byrja i Bømlo kommune i valåret 1999, og har sidan 2005 vore valansvarleg i kommunen.
- Det skal alltid vere to valmedarbeidarar for å kontrollere at rett person vert kryssa av i manntalet og at røystesetlane er stempla før dei vert lagt i valurna. Tal kryss i manntalet og tal røystesetlar må gå opp i opp ved teljinga for at valet skal bli godkjend, fortel vår eigen valgeneral.
Valmedarbeidarane forklarar dei som kjem for å røysta at det er to val dei kan røyste ved, rosa setlar for kommunevalet og blå setlar for fylkestingsvalet. Det er ikkje så mange som har spørsmål, og dei treng stort sett berre ha med seg legitimasjon. Valkortet dei har fått tilsendt på førehand er ikkje naudsynt å ta med. Dei er meir generell informasjon om valet og kvar du kan røysta.
Valdagen er måndag 11. september og du kan førehandsrøysta fram til fredag 8. september. Det nye kommunestyret konstituerar seg i møte måndag 16. oktober der også ordføraren blir vald.
All informasjon om valet i Bømlo kommune
Det er også val til dei lokale sokneråda, bispedømmeråd og Kirkemøtet i år