Oppstart av ny detaljregulering for Grindheimsvågen naustområde 14/10 m.fl., Grindheim Øvre, Plan-ID 202303

Arbeid med ny detaljregulering for Grindheimsvågen naustområde 14/10 m.fl., Grindheim Øvre, Plan-ID 202303 er starta opp. Det er mogleg å komma med innspel til planen fram til 03.12.2023

Bilde som viser avgrensinga av planen - Klikk for stort bileteUtsnitt av planavgrensinga

 

Hovudføremålet med planarbeidet er å legge til rette for vidare naustbygging med tilhøyrande små­båt­anlegg, tilkomst, grøntområde og parkering. Innanfor området er det i dag 7 eksisterande naust, kaiar med flytebrygge, parkeringsareal og tilkomstveg.

Området er i hovudsak ikkje regulert i dag, men delar av arealet langs Steinshaugvegen er regulert i plan 201402, fritidsbustadar Grindheimsvåg 15/106, 14/214 og 16 m.fl. Når ny reguleringsplan vert vedteken vil delar av denne planen verta oppheva.

Utval for areal og samferdsel gjorde vedtak om at det kunne varslast oppstart av planarbeidet  i møte den 06.09.2023 i sak PS 41/23. Det er ABO plan og arkitektur Stord AS som har varsla oppstart av detaljregulering for Grindheimsvågen naustområde 14/10 m.fl., Grindheim Øvre, Plan-ID 202303 på vegne av Svein Pedersen m.fl..

Frist for å komma med innspel er sett til 03.12.2023.

Eventuelle innspel skal sendast:
ABO Plan & Arkitektur Stord AS, 
Postboks 32, 
5401 Stord

Eller på e-post til: 
poststord@abo-ark.no / hageberg@abo-ark.no

Til toppen