Oppstart av ny detaljregulering for naustområde Sollia, gnr/bnr 121/3 m.fl., Sakseid, planID 202301

Arbeid med ny detaljregulering for naustområde Sollia, gnr/bnr 121/3 m.fl., Sakseid, planID 202301, er starta opp. Det er mogleg å komma med innspel til planen fram til 09.08.2023.

Bilde som viser avgrensinga av planområdet, som ligg langs delar av kystlinja ved Sakseidpøyla og opp til Bømlavegen. - Klikk for stort bileteUtsnitt av planavgrensing

Føremålet med detaljreguleringsplanen er å planleggja for bygging av inntil 5 nye naust. 1 av desse er erstatning for eksisterande naust som er planlagt rive. Innanfor planområdet vert det tilrettelagt for naudsynt trafikkareal, parkering, kai, flytebrygger og småbåtanlegg i sjø og grøntområde.

Det er Planlegg Bømlo AS som har varsla oppstart av detaljregulering for naustområde Sollia, gnr/bnr 121/3 m.fl., Sakseid, planID 202301 på vegne av grunneigar, etter at utval for areal og samferdsel gjorde vedtak om at dei kunne gjere det i møte den 22.03.2023 i sak PS 14/23.

Frist for å komma med innspel er sett til 09.08.2023.

Eventuelle innspel skal sendast til: 
Planlegg Bømlo as, Fylkesnesvegen 31, 5430 Bremnes, eller på e-post til: post@planleggbomlo.no

Til toppen