Søknaden gjeld flytting av anlegget på Hiskholmen. Lokaliteten Hiskholmen vart etablert i 1991, og har vore ein god lokalitet for oppdrett av laks. Det er per i dag løyve til produksjon av 2340 tonn ståande biomasse på lokaliteten. Det er ikkje planlagt auke i produksjonen på lokaliteten.
Den omsøkte justeringa av anleggsplassering er innafor det arealet som i kommuneplanen er avsett til akvakultur, som vart justert som følge av vedtak i sak 2022/1753.
Fylkesnes Fisk AS søkjer om å flytta anleggsplasseringa for Hiskholmen-anlegget for å betre produksjonsforholda, ved å auke avstanden mellom merdane, og samstundes leggja dei på ei rekkje. I dag renn straumen i sjøen gjennom tre merdar, og det vil betra forholda monaleg å få lagt merdane på ei rekkje, slik at kvar enkelt merd får nytt vatn både på ut- og innstraum.
Søknaden er lagt ut til offentleg gjennomsyn ved Bømlo kommune, Rådhuset i tidsrommet 13.05.2023-10.06.2023.
Eventuelle merknader vert å senda innan 10. juni:
Bømlo kommune
Rådhuset - Leirdalen 1
5430 Bremnes
eller
postmottak@bomlo.kommune.no