Taksering og synfaring av nye skatteobjekt

Bømlo kom­mune vil i løpet av dei komande månadane oktober - januar gjennomføra ei utvendig synfaring av alle nye skatteobjekt som er komne til i løpet av 2023.

Bømlo kommune gjennomførte allmenn taksering av alle eigedomar som er skattepliktige etter lov om eigedomsskatt i 2023. Synfarar vil ta mål og bilde av bygningar på desse eigedomane. Bilda vil mellom anna vera grunnlag for sakkunnig nemnd si taksering av dei nye takstobjekta. Synfarar vil ha på seg jakke merka Bømlo kommune og ha med seg identifikasjons­papir under synfaringa.

I medhald av §15 i eigedomsskattelova vil skattelistene bli lagt ut til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 1. mars 2024. Dette gjeld både dei nye takstobjekta og alle dei eigedomane som har blitt taksert tidlegare. Dette vil bli kunngjort på nytt ved utlegging av den samla skattelista.

Alt om eigedomsskatt i Bømlo kommune

Til toppen