Vedtak om endring av reguleringsplan for industriområde Hollundsdalen, planID R-151

Bømlo kommune ved utval for areal og samferdsel handsama i møte den 26.01.2022 søknad om reguleringsendring i reguleringsplan for industriområde Hollundsdalen, planID R-151. Utval for areal og samferdsel gjorde samrøystes vedtak om å godkjenna søknaden.

Føremålet med endringa er å oppdatera føresegnene i tråd med dagens krav, og justere vegarealet i tråd med framtidig omkøyringsveg rundt Svortland, jf. kommuneplanen sin arealdel.

Vedtaket kan klagast på til Statsforvaltaren i Vestland av dei som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse jf. plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9 og forvaltningslova § kap. IV.

Eventuelle klagar skal setjast fram skriftleg ovanfor Bømlo kommune innan 26.02.22 til Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1 5430 Bremnes, eller postmottak@bomlo.kommune.no.

Dokumenta i saka kan du sjå under

Har du spørsmål?

Renate Torkelsen
fagansvarleg arealplan
E-post
Telefon 53 42 31 56
Mobil 90 86 48 51
Til toppen