Innsyn til postlister og politiske utval

Bømlo kommune vil praktisera utvida openheit og innsyn, og i utgongspunktet skal kommunen vera ein ja-kommune med fullt innsyn i forvaltninga.
 

Innsyn postlister Bømlo kommune - Klikk for stort bilete

 

Om innsynsretten

Innsynsretten i kommunen sine dokument er heimla i offentleglova med forskrift og personopplysingslova.


Offentleg tilgjengelege dokument søkjer du sjølv opp og les på postlista. Dokumenta blir publisert på internett når dei er registrert/journalført. Inngåande post vil kome på postlista 3 dagar etter mottak.


På postlistene kjem post som:
• er saksrelevant og som krev svar frå kommunen
• har allmenn interesse
• har verdi som dokumentasjon

 

Dokument med personnummer, kontonummer o.l. (tilgongskode IP) blir ikkje publisert, men er tilgjengeleg på førespurnad.

 

Dokument som er unnateke offentligheit

Dokument som etter lova er underlagt teieplikt, er unnateke offentlegheit. Her kan du lese meir om innsynsrett i offentlege dokument.


Dokument som ikkje ligg på postlistene


Eldre dokument 
Postlister for generelle og politiske saker er tilgjengeleg for dei siste 5-10 åra.

 

Sjå Rettleiing for bruk av eInnsyn Bømlo kommune (PDF, 430 kB)


Personsaker
Dokument knytt til arkivdel for personale, elevar og klientar blir ikkje publisert.

 

Eventuelle krav om innsyn kan rettast til postmottak@bomlo.kommune.no.

 

Pasient- og klientsaker vert handsama i lukka fagsystem og blir haldne utanom internett. Partinnsyn er heimla i forvaltningslova §18. Krav om innsyn må rettast til aktuell tenestestad.

 

Du treng Adobe Acrobat Reader for å lese dokumenta. Last ned her.

 

Her finn du meir om innsynsrett

Sist endra 04.05.2018
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 22
Mobil:
959 02 246
Tittel:
avdelingsleiar/formannskapssekretær
Bunnhjørne
Aktuelle lover og regleverk (1)
Kontaktinformasjon (1)
 
Login for redigering