Utval for næring, innovasjon, idrett og kultur
Utvalet har på kommunestyret sine vegne det folkevalde styringsansvaret innanfor sine fagområde og skal sjå til at;
• oppgåvene vert løyste på ein effektiv og god måte
• løyvde midlar vert nytta i samsvar med føremålet
• det er etablert gode rapporteringsrutinar
Utvalet har sju faste medlemer med Bjørn Asle Teige (Senterpartiet) som leiar og Signe Lund Jansen (Høgre) som nestleiar.
Utval for næring, innovasjon, idrett og kultur har avgjerds- og innstillingsrett innanfor følgjande saksområde:
• næringsutvikling
• alt allment kulturarbeid
• kulturskule
• idrett
• kulturbygg og idrettsanlegg
• fritidsklubbar
• bibliotektenester
• kultur- og bygningsvern
Møtekalender og valde medlemer i Utval for næring, innovasjon, kultur og idrett
Sist endra 03.02.2023 10:31