Utval for natur, klima og miljø
Utvalet har på kommunestyret sine vegne det folkevalde styringsansvaret innanfor sine fagområde og skal sjå til at;
• oppgåvene vert løyste på ein effektiv og god måte
• løyvde midlar vert nytta i samsvar med føremålet
• det er etablert gode rapporteringsrutinar
Frank Schmidt (V).
Bømlo Venstre
Utvalet har sju faste medlemer med Frank Schmidt (V) som leiar og Trygve Søvold (Frp) som nestleiar.
Utval for natur, klima og miljø har avgjerds- og innstillingsrett innanfor følgjande saksområde:
• landbrukssaker
• energispørsmål
• friluftssaker (avgrensa mot tekniske spørsmål og arealforvaltning)
Møtekalender og valde medlemer i Utval for natur, klima og miljø
Sist endra 03.02.2023 10:32