Skulebruksplanen 2024Skulebruksplanen hausten 2024 får grunna knapp tidsplan og ynskje om å få snarleg effekt ein enklare planprosess enn ved forrige skulebruksplan frå 2022. Planen vil likevel stetta krav til planarbeid og høyring. Det er kommunen sin pressa økonomiske situasjon og demografiutvikling som ligg til grunn.Kommunestyret vedtok i juni under budsjettrevisjon for 1. halvår 2024 at kommunedirektøren får mandat til å setje i gong ein prosess tidleg hausten 2024 for å greie ut aktuelle endringar i skulestruktur. Kommunedirektøren har no sett i gang arbeidet med ny skulebruksplan og revisjon av lokal forskrift om skulekrinsgrenser. Sjå også budsjett, velferdsplan og årsmeldingar Oppstart av ny skulebruksplan Sist skulebruksplan vart utarbeidd i 2021 og handsama politisk våren 2022. Med utgangspunkt i førre plan vil det vere mogleg å oppdatere talgrunnlag og vurderingar i løpet av hausten 2024, slik at dette vert eit beslutningsgrunnlag i budsjettprosessen. Planen skal endeleg handsamast i kommunestyret 2. desember 2024.Sjå artikkel: Oppstart av ny skulebruksplan 25.06.2024 08:26 Orientering i utval for levekår Tysdag 3. september orienterte kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer Utval for levekår om arbeidet og tidsplan for ny skulebruksplan.Sjå artikkel: Skulebruksplanen på dagsordenSjå Power point-presentasjon synt i Utval for levekår 3.9.2024 (PDF, 938 kB) 03.09.2024 08:35 Løypemelding om arbeidet i Utval for levekår Informasjon om planarbeidet i utval for levekårSaksinnkalling møte i utval for levekår 01.10.2024 04.09.2024 08:57 Fellesmøte torsdag 3. oktober Stort felles informasjonsmøte før høyringa vert halde torsdag 3. oktober. Tid og stad er førebels uavklart.Formannskapet vert orientert same føremiddag. 04.09.2024 09:00 Sender utkast til høyring Fredag 4. oktober vert planutkastet sendt ut på offentleg høyring i seks veker med høyringsfrist 15. november 2024. 04.09.2024 09:05 Informasjon om prosessen i politiske utval 12. november: Informasjon prosessen og om høyringsinnspel i utval for levekår 12.11.202414. november: Informasjon prosessen og om høyringsinnspel i formannskapet 15.11.2024 04.09.2024 09:08 Saksførelegg vert sendt politikarane 22.11: Saksførelegg vert sendt ut til politikarane 04.09.2024 09:10 Vedtak i kommunestyret 2. desember Kommunestyret gjer endeleg vedtak om skulebruksplanen 2024 måndag 2. desemberSjå møteinnkalling til kommunestyremøte 02.12.2024Sjå direktesending kommunestyremøte 02.12.2024 04.09.2024 09:12 Sist endra 04.09.2024 10:48