Koronavirus - informasjon

Informasjon om Stortings- og Sametingsvalet 2021

Valdagen for stortingsvalget 2021 er måndag 13. september. I Bømlo kommune er det også lagt opp til val sundag 12. september.

Les her om Stortingsvalet 2021

Lenkje til oversikt over godkjende vallister for Vestland fylke

Førehandsrøysting

Perioden for førehandsrøysting tek til 1. juli, og varer til 9. august. Førehandsrøysting skjer på rådhuset, i ordinær opningstid.

Ordinær førehandsrøysting startar 10. august, og varer til og med siste fredag før valdagen (10. september). 

Du kan røyste i kundetorget på rådhuset i opningstida, kl. 08:30 - 14:30. Dette er hovudlokale for førehandsrøystinga.

Utvida opningstid for førehandsrøysting Rådhuset:

Rådhuset
30. august-9. september Måndag - fredag kl. 08.30-18.00
4. september Laurdag kl. 10.00-15.00
10. september Fredag kl. 08.30-20.00

Espevær

Espevær
Torsdag 9. september Kl. 10.00-12.00 Kl. 13.00-15.30

Langevåg bygdatun

Langevåg bygdatun
Langevåg bygdatun Tysdag 24. august Kl. 13.00-17.00

Institusjonane

Institusjonane
Institusjon Dato Klokkeslett
Bømlo bu og omsorgssenter Måndag 23. august kl. 10.00-13.00
Søre Bømlo omsorgstun Tysdag 24. august kl. 10.00-12.00
Moster servicesenter Onsdag 25. august kl. 10.00-16.00

Manntalet

Manntalet er ei liste over personar som har rett til å røyste ved val i Noreg.

Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn i kundetorget i Bømlo rådhus til og med valdagen. Her kan du sjekka at du står registrert i manntalet. Meiner du at manntalet inneheld feil eller manglar, må grunngjeve krav om retting sendast skriftleg til Bømlo valstyre. Dette kan sendast på epost til: postmottak@bomlo.kommune.no, eller til Bømlo valstyre, Leirdalen 1, 5430 Bremnes.

Digitale valkort

I år vil veljarane få tilsendt valkortet digitalt, gjennom sin digitale postkasse eller Altinn. Personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta eigen kontaktinformasjon i registeret dei siste 18 månadane, vil framleis få valkortet i papirformat tilsendt i posten.

Valkortet er ei stadfesting på at du står i manntalet, og at du har røysterett. Det gjeld ikkje som legitimasjon. Gyldig legitimasjon er sertifikat, bankkort med bilde eller pass.

Les meir om digitale valkort og Bømlo kommune sin praksis (PDF, 75 kB)

Valdagar sundag 12. og måndag 13. september

I Bømlo kommune vert det høve til å røyste ved Stortings- og Sametingsvalet sundag 12. og måndag 13. september ved følgjande røystelokaler til følgjande tider:

Røystelokaler og røystetider Stortingsvalet 2021 i Bømlo kommune
Røystelokaler og røystetider Stortingsvalet 2021 i Bømlo kommune
Krins Røystelokale Søndagsval Valdagen/Måndag
01 Rubbestadneset skulehuset 13:00 – 18:00 10:00 – 21:00
02 Svortland skulehuset 13:00 – 18:00 10:00 – 21:00
03 Meling skulehuset 10:00 – 21:00
04 Gilje skulehuset 10:00 – 21:00
05 Våge skulehuset 13:00 – 18:00 10:00 – 21:00
06 Moster skulehuset 13:00 – 18:00 10:00 – 21:00
07 Folderøy skulehuset 10:00 – 21:00
08 Hillestveit bygdatunet 13:00 – 18:00 10:00 – 21:00
Til toppen