Valdagen 9. september

Det vert halde kommunestyre- og fylkestingsval måndag 9. september 2019 i Bømlo kommune. I dei fem største krinsane vert det også halde val sundag 8. september. Ved siste frist for å levere listeframlegg til kommunestyre- og fylkestingsvalet måndag 1. april innan klokka 12.00 var det kome inn 11 lister. Nye sidan sist val er Raudt Bømlo og Liberalistane.

Vallokale inngang_rådhuset - Klikk for stort bilete

Skal du kunna bruka røysteretten, må du også stå i manntalet i kommunen valdagen. For å kontrollera om du står i manntalet kan du ta kontakt med kundetorget i rådhuset på telefon 53 42 30 14.

 

Her vil det kome informasjon nærare om opningstider og røystelokale i samband med valet når dette er avklara.

 

Sjå venstremeny for lenkjer til meir informasjon om valet.

 

 

 

Her finn du vallister 2019-2022 for dei politiske partia i Bømlo:

Sist endra 24.04.2019 13:52
Fant du det du leitte etter?