Erfaringsmedarbeidar - rus og/eller psykisk helse

Har du tidlegare strevd med å meistre eige liv knytt til rus og/eller psykisk helse? Kanskje har nettopp du den livskompetansen me søkjer? NAV Bømlo har ledig 30-80% engasjement for erfaringsmedarbeidar frå snarast til 31.12.2019.

To menn brenn bål. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Arbeidstid:

  • I hovudsak dagtid, men noko arbeid på ettermiddagstid må påreknast
     

Arbeidsoppgåver:

  • Praktisk arbeid ved arbeids- og aktivitetstilbodet «Basen» (eksempelvis transportoppdrag, skogsarbeid, gartnaroppdrag m.m.)
  • Motivering og rettleiing av deltakarar på Basen
  • Styrke brukarperspektivet og auke kvaliteten på vårt arbeid
  • Bidra i oppfølging av brukarar og støtte opp under deira individuelle betringsprosessar
  • Noko informasjonsarbeid og deltaking i utviklingsarbeid/planarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Eiga erfaring som brukar av rustenester eller psykiske helsetenester
  • Førarkort klasse B
  • God språkleg forståing og framstillingsevne i norsk
  • Praktisk utdanning, eller utdanning innan helsefag vil vere nyttig, men ikkje naudsynt for å søkje på stillinga
  • Personlege eigenskapar
  • Evne til å bruke dine erfaringar som kompetanse
  • Det vert lagt vekt på eigeskapar som tolmod og evne til å lytte og ta den andre sitt perspektiv
  • Kreativitet og evne til å arbeide sjølvstendig så vel som i eit team er viktig

Me tilbyr:

  • Me vil legge til rette for at du får halde deg oppdatert på erfaringskompetanse via lokale utdanningstilbod/nettverk for erfaringsmedarbeidarar
  • Løn etter avtale (tariff)
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Bedriftshelseteneste

Dersom søkjar ynskjer å reservere seg frå offentlig søkarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkaren kan bli offentliggjort, sjølv om søker har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkjaren blir varsla dersom reservasjon ikkje vert teke til følgje.


Kontaktpersonar:
Sosialfagleg ansvarleg: Elisabeth Haugen - 911 25 279
Rusvernkonsulent: Joan Hansen - 948 50 718


Søk elektronisk her innan 17. februar 2019

Sist endra 12.02.2019 17:29
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 04 30 69
Tittel:
sosialfagleg ansvarleg
Bunnhjørne
Telefon:
53 04 38 06
Mobil:
948 50 718
Tittel:
rusvernkonsulent
Bunnhjørne
 
Login for redigering