Karrieresenteret i Sunnhordland

Birgit E. Olsen Bratseth og Elin K. Haukanes. (Karriere Sunnhordland) - Klikk for stort bilete

Birgit E. Olsen Bratseth og Elin K. Haukanes er karriererettleiarar ved Karrieresenteret i Sunnhordland i regi av Hordaland Fylkeskommune. Senteret skal tene alle dei 8 sunnhordlandskommunane.

Karriereval (Karriere Sunnhordland) - Klikk for stort bilete Karriererettleiing for nye moglegheiter

I dei tilfella der ein skal gjera viktige karriereval, som til dømes velja høgare utdanning, eller skifta jobb av ulike årsakar, opplever mange at ein samtale med ein profesjonell karriererettleiar kan bidra til refleksjon, ny innsikt og større handlingsrom. Vi har erfart at vi kan gjera ein viktig forskjell for menneske når dei skal sjå etter nye moglegheiter, og utforska nye val.


Vi hjelper gjerne når du

• Må eller vil finna ny jobb
• Skal søkja etter ny jobb
• Tykkjer det er vanskeleg å orientera deg i arbeidsmarknad, eller utdanningssystem
• Er på kva du kan bruka kompetansen din til
• Har mista motivasjon i høve til jobb eller utdanning
• Skal du søkja høgare utdanning, eller vidareutdanne deg
• Treng påfyll av ny kompetanse, men er usikker på kvar og korleis du skal gjera det?


Motto

Ditt val - Din veg

 

Du bestiller enkelt time hos oss


Fyll ut bestillingsskjema, så får du tilbod om første ledige time hos oss.

 

Besøksadresse:

Vabakkjen 6 (Verket, 3. etasje).

Tlf: 408 06 302
 

www.facebook.com/karrieresunnhordland

Sist endra 22.11.2017 13:26
Fant du det du leitte etter?