Ledige undervisningsstillingar i grunnskulen frå 01.08.2019

Lærar underviser elev. Illustrasjonsfoto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Det vert fleire ledige undervisningsstillingar i grunnskulen frå 01.08.19 – faste, vikariat, heile eller delstillingar. Søknadsfrist 1. mars 2019. 

Kommunen har behov for lærarar som til saman kan dekkje alle fag i grunnskulen, men det er særleg behov for lærarar med kompetanse i matematikk/rekning, norsk/lesing og engelsk. Det er seks barneskular, tre kombinertskular og ein ungdomsskule i kommunen. Søkjar er velkommen til å setje fram ønskje om tenestestad.


Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Utover tilsetjingskrav for undervisningsstillingar vert kompetanse, erfaring og eignaheit vektlagt. I samsvar med opplæringslova § 10-9 må gyldig politiattest framleggjast ved tilsetjing.

 

Nærare opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakte skulefagleg rådgjevar Kristine Sætre – tlf 53 42 30 66 eller lkse@bomlo.kommune.no.

 

Velkommen som søkjar til lærarjobb i Bømlo kommune!

 

Søk elektronisk her innan 1. mars 2019

Sist endra 18.01.2019 12:10
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 66
Mobil:
953 66 282
Tittel:
skulefagleg rådgjevar
Bunnhjørne
 
Login for redigering