Søk arbeid i Bømlo kommune

Bømlo kommune ligg mellom Bergen og Haugesund og har Nordsjøen som næraste nabo. Kommunen har nær 12.000 innbyggjarar, og har eit variert og aktivt næringsliv med havet som utgangspunkt. Her er høgteknologiske miljø og mekanisk industri retta mot skipsfartsnæringa, stor rederiverksemd særleg retta mot offshoreindustri, ei ekspansiv havbruksnæring og godt utbygde handels- og servicenæringar.

Kommunen kan også by på eit godt oppvekstmiljø og eit rikt frilufts- og kulturliv. Kommunen har om lag 1000 tilsette.
 
Slik søkjer du
Bømlo kommune utlyser stillingar med kort tekst i annonsar i avisene. Fullstendig utlysningstekst finn du på desse nettsidene. Det er lagt til rette for at du skal søkja på ledige stillingar elektronisk. Viss du ikkje har tilgang til PC og internett, er det mogleg å få tilgang til dette i kundetorget eller på biblioteket.

Dersom du treng kontakt med kommunen, ring 53 42 30 00, der får du fleire opplysningar.
  • Er du ny brukar og vel å registrere deg kan du etter du har registrert deg lagre utkast av skjema, få forhåndsutfylte felt og eit oversyn over alle skjema du sender inn. Les og aksepter Erklæring om behandling av personopplysningar, fyll ut E-postadresse, Passord og Gjenta passord- og trykk Opprett bruker.
  • Dersom du velger å logge inn, kan du lagre utkast av skjema, få forhåndsutfylte felt og en oversikt over alle skjema du har sendt inn tidligere. Les og aksepter Erklæring om behandling av personopplysningar, fyll ut E-postadresse og Passord - Logg inn.
  • Du kan også velge å gå Direkte til skjema. Huk av for lest og akseptert Erklæring om behandling av personopplysningar.
  • Etter at du har fylt ut alle felt (* er felt du må fylla ut får å fortsetja), klikk på Send inn-knappen nederst i utlysningsteksten, og du får opp den ferdige søknaden
  • Registrert brukar betyr at du i ettertid vil få opp dei førehandsregistrerte data (namn, adresse o.s.v.) når du tek i bruk skjemaet på nytt
  • Du kan lagra dokumentet på datamaskina di
Den elektroniske søknaden vert sendt til Bømlo kommune når du klikkar Send inn Velkommen som søkjar i Bømlo kommune!

             

Sist endra 04.05.2020
Fant du det du leitte etter?