Sommarvikar 2020

Annonse for ferievikarar 2020. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Kva med å kombinera sommaren med arbeid for nokon som verkeleg treng deg og din kompetanse? Bømlo kommune treng sommarvikarar på fleire fagområde innan pleie- og omsorg, kjøkenassistentar, miljøtenesta i rus og psykisk helse, barne- og familietenesta, habiliteringstenesta, legetenesta, teknisk drift og i kundetorget/turistinformasjonen. 

PS: Innan helse- og omsorg vert kvalifiserte søkjarar vurdert og kan få tilbod før søknadsfrist utgår.

Pleie- og omsorg / Habiliteringstenesta / Barne- og familietenesta / Legetenesta / Miljøtenesta i rus og psykisk helse


Me ønskjer ferievikarar innan følgjande stillingar:
* Studentar innan vernepleiar, sjukepleiar, bioingeniør, helsesekretær, helsefagarbeidar/hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, pedagogikk eller ferdigutdanna innan desse felta.

* Assistentar/heimehjelparar innan ulike fagområder, reinhald og kjøkkenpersonell. Her er det ikkje krav til spesifikk utdanning, men me ønskjer at du har interesser for, og gjerne erfaring innan helse og omsorgsarbeid.

 

Frå veke nr. 25 til og med veke nr. 35 (15. juni - 16. august) treng me sommarvikarar til:


Søre Bømlo omsorgsområde og Bømlo omsorgstun
Kontakt: avd.leiar Stine Lodden - 53 42 37 63

ID-nr: 1457


Bømlo heimetenester
Kontakt: avd. leiar May Linn Bortne - 53 42 34 44 / 917 63 643,
avd. leiar Elin Vik -  53 42 34 45 / 412 48119
eller verksemdsleiar Hilde Markhus – 53 42 34 42 / 909 49 278

ID-nr: 1458


Miljøtenesta i Rus og psykisk helse
Miljøtenesta gir praktisk og personleg hjelp i heimen til personar som har psykiske- og/eller rusvanskar. Sommarjobb i miljøtenesta inneber turnusarbeid med arbeid kvar 2. eller 3. helg. Me søkjer deg som er 18 år og er autorisert helsepersonell eller student/elev innan helse- og sosialfag eller pedagogisk utdanning. Det er ein fordel om du har førarkort.

Kontakt: avd. leiar Kjellaug Laurhammer Gilje 53 42 33 95 / 488 95 184 eller verksemdsleiar Astrid Stautland 53 42 33 92 / 489 90 099

ID-nr: 1454


Habiliteringstenesta (teneste for vaksne med utviklingshemming)
Kontakt:
Verksemdsleiar Frode Bratten 900 12 842 / gruppeleiar Hilde Risan 909 51 421

ID-nr: 1450

Bømlo bu- og helsesenter (korttid og langtidsplassar)

Post 1, Post 2, korttid/rehabilitering
Kontaktpersonar:
Korttid og rehabilitering: Isabel Knutsen - 53 42 34 24/25
Langtidsavdeling: avd.sjukepleiar Anna Iren Stavland 53 42 34 04 / avd.spl  Kristina Tolås, 53 42 34 12

ID-nr: 1455


Teiglandshagen bufellesskap
Kontakt: avd.leiar Hilde Hopsdal - 53 42 37 90
ID-nr: 1455

 

Avlastningsbustaden - for barn og unge med nedsett funksjonsevne
Kontakt: leiar Else Marie Aakre - 53 42 31 89 / 926 08 821

ID-nr: 1460


Legetenester (legekontora på Svortland, Moster, Langevåg)

Me ønskjer ferievikarar innan følgjande stillingar:
* Studentar innan sjukepleiar, bioingeniør, helsesekretær, eller medisinstudentar

Legetenester (legekontora på Bremnes, Moster og Bømlo)

Kontakt: leiar for legetenesta Tove Britt Digernes - 53 42 33 05 / 992 54 351

ID-nr: 1456


Viktig: For arbeid i institusjon, open omsorg og i legetenesta må du ha fylt 18 år. Det er ein føremon at vikarar i omsorgsområda har førarkort for bil. Den aktuelle arbeidsplass vil gje introduksjon/opplæring. Den som får tilbod om stilling knytt til pleie- og omsorg, miljøtenesta i rus og psykisk helse, habiliteringstenesta og legetenesta må levera gyldig politiattest.


Løn: Me brukar eigne lønssatsar for studentar som har fullført min. 1 år av relevant høgskulestudie. Elles gjeld løn etter vanleg tariff.


Kundetorget/Turistvert og Sentralbord

Kundetorget fungerer også som kommunen sin offisielle turistinformasjon, og i sommar er det ledig vikariat som Turistvert/Kundevert i perioden veke 26 t.o.m 32. Opningstidene er 08:30-15:30.
Arbeidsoppgåver: Kundebehandling, turistvert, sentralbord og førefallande kontorarbeid
Stillinga rapporterer til: Avdelingsleiar Jorunn Alise Steinsvåg
Kvalifikasjonar: Gode språkkunnskapar i norsk, engels og tysk.
Personlege eigenskapar: Utadvent, strukturert og løysningsorientert
Me tilbyr: Triveleg og hektisk arbeidsmiljø. 

Kontakt leiar fellessekretariatet Jorunn Steinsvåg - 53 42 30 22.

ID-nr: 1449


Teknisk drift

Teknisk drift treng sommarvikarar til ulike oppgåver som maling, plenklipping og andre oppgåver i perioden 1.5-31.08.2020. Du må ha førarkort Klasse B, og me ynskjer arbeidsviljuge og fleksible arbeidstakarar. Opplæring vil bli gitt ved behov.

Kontaktpersonar: 
Reidar Meling (samferdsel) 916 85 977 -
Jens Helge Habbestad (bygningsvedlikehald) 913 49 788.

ID-nr: 1459


Generelt

• Dei som vert tilsett hjå oss må stille seg til rådvelde minst 4 veker i løpet av ferieavvikling.
• Det er naudsynt med eigen søknad for kvar av arbeidsstadane du søkjer.
• «Eigenerklæring – kontroll av tuberkulose og MRSA» er eit skjema som skal fyllast ut av alle som skal jobbe i direkte kontakt med pasientar, pleietrengende og born. Det gjeld alle nytilsette, vikarer, hospitanter og studenter. Dersom ja på eit av spørsmåla er det krav om vidare testing.
• Meir informasjon om dei einskilde tenestene finn du i lenkjene.
• Kundetorget tlf.nr 53 42 30 14 hjelper deg med å kome i kontakt med rette vedkomande.


Fylgjande opplysningar er viktig å notera i elektronisk søknadsskjema i feltet "kortfatta søknad”:

• Om du søkjer sommarjobb på meir enn ein arbeidsstad i kommunen, og korleis du ynskjer å prioritera
• Perioden du kan arbeida – frå/til dato. Kva type arbeid du aller helst ynskjer, t.d. heimehjelp, heimesjukepleie, miljøarbeid eller institusjon.
• Om du har førarkort for bil og om du disponerer bil til tenesta - krav til førarkort i miljøtenesta


Søk elektronisk her innan 1. mars 2020

Sist endra 22.01.2020 11:44
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 11
Mobil:
480 17 825
Tittel:
personalsjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering