Vil du bli turnuslege i Bømlo kommune?

Ledig stilling som turnuslege i Bømlo kommune. Stillinga er kopla til Stord Sjukehus, som er vårt lokalsjukehus.


Bømlo kommune er ein godt utbygd øykommune i Sunnhordland med nær 12 000 innbyggjarar. Kommunen er landfast med Stord og Haugalandet via Trekantsambandet. Bømlo har allsidige service- og kulturtilbod, gode fritidstilbod, vakker og variert natur og gode kommunikasjonstilhøve.

Turnuslege
Bømlo kommune har 12 fastlegar fordelt på 4 legekontor. Kommunen har ein turnuslege som arbeidar ved Bremnes legesenter og ein dag per veke ved Bømlo legekontor. Vegleiingsoppgåva er fordelt på to kontor.

Turnuslegen har offentlege oppgåver i sjukeheim og innan førebyggjande helsetenester.

Me har innføringsprogram i legevakta som inneber sjølvstendig vakt tidlegast 2 veker etter tilsetjing. Det er fast namngjeven bakvakt i legevaktarbeidet gjennom heile turnusperioden. Vaktdelinga i dag er 3 vakter per månad.

Stillinga er bindande kopla til Helse Fonna HF, Stord sjukehus. Saman med Helse Fonna har me utvelgingskriterier nedfelt i avtale.

Det må søkjast gjennom Helsedirektoratet sin Web-baserte søknadsportal, med gjeldande fristar.

 

Tilsetjingskontakt: Kari Presthaug tlf. 53 49 66 37

Sist endra 28.11.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering