Vil du vere sommarvikar hos oss?

Gartnararbeid ved sjukeheimen med gravemaskin. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Kva med å kombinera sommaren med arbeid for nokon som verkeleg treng deg og din kompetanse? Bømlo kommune treng sommarvikarar på fleire fagområde innan pleie- og omsorg, kjøkenassistentar, miljøtenesta i rus og psykisk helse, barne- og familietenesta, habiliteringstenesta, legetenesta, teknisk drift og i kundetorget/turistinformasjonen. 

Pleie- og omsorg / Habiliteringstenesta / Barne- og familietenesta / Legetenesta / Miljøtenesta i rus og psykisk helse


Me ønskjer ferievikarar innan følgjande stillingar:
* Studentar innan vernepleiar, sjukepleiar, bioingeniør, helsesekretær, helsefagarbeidar/hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, pedagogikk eller ferdigutdanna innan desse felta.

* Assistentar/heimehjelparar innan ulike fagområder, reinhald og kjøkkenpersonell. Her er det ikkje krav til spesifikk utdanning, men me ønskjer at du har interesser for, og gjerne erfaring innan helse og omsorgsarbeid.

 

Frå veke nr. 26 til og med veke nr. 34 (24. juni-18. august) treng me sommarvikarar til:


Søre Bømlo omsorgsområde og Bømlo omsorgstun
Kontakt: avd.leiar Stine Lodden - 53 42 37 63

ID-nr: 1356


Bømlo heimetenester
Kontakt: avd. leiar May Linn Bortne - 53 42 34 44 / 917 63 643,
avd. leiar Elin Vik -  53 42 34 45 / 412 48119
eller verksemdsleiar Hilde Markhus – 53 42 34 42 / 909 49 278

ID-nr: 1359


Miljøtenesta i Rus og psykisk helse
Kontakt: avd. leiar Kjellaug Laurhammer Gilje 53 42 33 95 / 488 95 184
eller verksemdsleiar Astrid Stautland 53 42 33 92 / 489 90 099

ID-nr: 1358


Habiliteringstenesta (teneste for vaksne med utviklingshemming)
Kontakt:
Verksemdsleiar Frode Bratten 900 12 842 / gruppeleiar Hilde Risan 909 51 421

ID-nr: 1357

Bømlo bu- og helsesenter (korttid og langtidsplassar)

Post 1, Post 2, korttid/rehabilitering
Kontaktpersonar:
Korttid og rehabilitering: avd.sjukepleiar Bente E. Grindheim - 53 42 34 24
Langtidsavdeling: avd.sjukepleiar Karine Røksund 53 42 34 04

ID-nr: 1360


Teiglandshagen bufellesskap
Kontakt: avd.leiar Hilde Hopsdal - 53 42 37 90

ID-nr: 1361

 

Barne- og familietenesta

Barne- og Familietenesta, PPT skal i løpet av sommaren 2019 byte fagsystem og har behov for sommarvikar i månadane juni og juli, hovudsakleg for å digitalisere og implementere dokument i nytt system. Me er på jakt etter deg som er under relevant høgskuleutdanning og har behov for ein sommarjobb innanfor eit spanande arbeidsmiljø. Du må vere systematisk og har gode datakunnskapar. Tiltreding: Juni/juli fleksibel start. Kontorstad i Bømlohallen.

Kontaktperson: Linda Hellen - 909 61 702

ID-nr: 1366
 

Avlastningsbustaden - for barn og unge med nedsett funksjonsevne
Kontakt: leiar Else Marie Aakre - 53 42 31 89 / 926 08 821

ID-nr: 1367


Legetenester (legekontora på Svortland, Moster, Langevåg)
Kontakt: leiar for legetenesta Tove Britt Digernes - 53 42 33 05 / 992 54 351

ID-nr: 1365


Viktig: For arbeid i institusjon, open omsorg og i legetenesta må du ha fylt 18 år. Det er ein føremon at vikarar i omsorgsområda har førarkort for bil. Den aktuelle arbeidsplass vil gje introduksjon/opplæring. Den som får tilbod om stilling knytt til pleie- og omsorg, miljøtenesta i rus og psykisk helse, habiliteringstenesta og legetenesta må levera gyldig politiattest.


Løn: Me brukar eigne lønssatsar for studentar som har fullført min. 1 år av relevant høgskulestudie. Elles gjeld løn etter vanleg tariff.


Kundetorget/Turistvert og Sentralbord

Kundetorget fungerer også som kommunen sin offisielle turistinformasjon, og i sommar er det ledig vikariat som Turistvert/Kundevert i perioden veke 26 t.o.m 32. Opningstidene er 08:30-15:30.
Kontakt leiar fellessekretariatet Jorunn Steinsvåg - 53 42 30 22.

ID-nr: 1364 Fellessekretariatet


Teknisk drift

Teknisk drift treng sommarvikarar til ulike oppgåver som maling, plenklipping og andre oppgåver i perioden 1.5-31.08.2017. Du må ha førarkort Klasse B, og me ynskjer arbeidsviljuge og fleksible arbeidstakarar. Opplæring vil bli gitt ved behov.

Kontaktpersonar:
Reidar Meling (samferdsel) 916 85 977 -
Jens Helge Habbestad (bygningsvedlikehald) 913 49 788.

ID-nr: 1368


Generelt

• Dei som vert tilsett hjå oss må stille seg til rådvelde minst 4 veker i løpet av ferieavvikling.
• Det er naudsynt med eigen søknad for kvar av arbeidsstadane du søkjer.
• «Eigenerklæring – kontroll av tuberkulose og MRSA» er eit skjema som skal fyllast ut av alle som skal jobbe i direkte kontakt med pasientar, pleietrengende og born. Det gjeld alle nytilsette, vikarer, hospitanter og studenter. Dersom ja på eit av spørsmåla er det krav om vidare testing.
• Meir informasjon om dei einskilde tenestene finn du i lenkjene.
• Kundetorget tlf.nr 53 42 30 14 hjelper deg med å kome i kontakt med rette vedkomande.


Fylgjande opplysningar er viktig å notera i elektronisk søknadsskjema i feltet "kortfatta søknad”:

• Om du søkjer sommarjobb på meir enn ein arbeidsstad i kommunen, og korleis du ynskjer å prioritera
• Perioden du kan arbeida – frå/til dato. Kva type arbeid du aller helst ynskjer, t.d. heimehjelp, heimesjukepleie, miljøarbeid eller institusjon.
• Om du har førarkort for bil og om du disponerer bil til tenesta - krav til førarkort i miljøtenesta


Søk elektronisk her innan 1. mars 2019

 

Sist endra 12.02.2019 14:17
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 11
Mobil:
480 17 825
Tittel:
personalsjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering