Avlasting, retningslinjer

Lovheimel og målgruppe 
Med heimel i Lov om sosiale tenester § 4-2 skal "avlastningstiltak for personer og familier som har et særlig tyngende omsorgsarbeid" vera del av kommunen sitt tenestetilbod. Avlastningsordningane skal vera med på å gje familiane høve til ferie og fritid og derved høve til deltaking i vanlege samfunnsgoder og -aktivitetar. 

Avlastningsbustaden er ei av fleire avlastningsordningar. Tiltaket er retta mot personar som har dagleg/heilkontinuerleg omsorg for funksjonshemma i heimen. Tiltaket skal gje avlastning ved at den funksjonshemma vert tildelt plass for opphald i avlastningsbustaden for kortare eller lengre periodar. 

Så vel barn som ungdom/vaksne kan få opphald i avlastningsbustaden.  
 
Målsetting 
Det er eit mål at avlastningsbustaden skal fungera så nært råd er opp til ein vanleg heim. Dette gjeld så vel fysisk utforming som organisering av daglege rutinar (aktivitet/kvile, ute/inne, måltid m.v.). Ved opphald i avlastningsbustaden skal personalet ta over foreldre/pårørande sine daglege oppgåver knytta til stell/pleie, tilsyn/hjelp og aktivisering av den funksjonshemma. Personalet i avlastningsbustaden skal ikkje, av eige tiltak, setja i gang treningsopplegg e.l. behandlingstiltak, men skal så langt personalressursar og personalet sin kompetanse rekk, fylgja opp treningstiltak og/eller rutinar igangsett av andre, t.d. fysioterapeut, og som elles ville vorte utført i heimen. Utfrå den einskilde sin alder, funksjonsnivå og interesser skal brukarane (dei funksjonshemma) bli trekt med i daglege gjeremål i avlastningsbustaden.  
 
Organisatorisk tilknytning/tilsynsansvar 
Avlastningsbustaden er organisatorisk lagt til sosiale tenester. Med omsyn til tilbodet knytta til barn, er avlastningsbustaden heimla i Lov om sosiale tenester kap. 7. Fylkesmannen har tilsynsansvar med den delen av tilbodet som har heimel i sosialtenestelova.  
 
Samarbeidsinstansar/brukarmedverknad 
Brukarane skal, så langt det let seg gjera, ha høve til å influera på og ha kontroll over sin eigen kvardag. Dette forutset m.a. at personalet har eit inngåande kjennskap til deira ynskje, behov og moglegheitar. Dei private omsorgsytarane (foreldre/pårørande) er sosialtenesta sine viktigaste samarbeidspartar og samarbeid med andre deler at det offentlege tenesteapparat skal i så fall skje i samråd md dei. Dersom foreldre/føresette har særlege ynskje om gjeremål under avlastningsopphald, vil desse bli tekne omsyn til dersom dei let seg gjennomføra utan særlege vanskar. Brukargruppa sine interesser vil gå føre dersom det oppstår koflikt mellom desse og ynskje om aktivitet/gjeremål for einskildbrukar.  
 
Vedtak om avlastning 
Sak vedkomande avlasting vert avgjort etter søknad, av sosialtenesta sin administrasjon, så langt denne type vedtak er delegert til administrasjonen. Ei sak som gjeld tildeling av sosiale tenester, herunder avlasting, er einskildvedtak. Soleis gjeld forvaltningslova sine reglar for sakshandsaminga. Av dette fylgjer at så vel den/dei som søkjer om avlasting som den omsorgstrengjande er part i saka og har partsrettar. Ein part har, med visse unnatak, rett til innsyn i saksdokumenta og rett til å klaga over vedtaket. Dei som har rett til avlasting etter Lov om sosiale tenester, har ikkje ein sjølvstendig rett til tilbod i avlastingsbustaden. Andre av kommunen sine avlastingsordningar kan og vera aktuelle. Før fastsetjing av kva tilbod som skal nyttast, skal kommunen samrå seg med søkjar. Tilbod i avlastingsbustaden er ei teneste det er knapp tilgang på. Dersom det er fleire som samstundes søkjer om ei slik teneste, vert søkjarane ikkje rekna som søkjarar i same sak. Ein søkjar som meinar seg forbigått, kan soleis ikkje klaga ove at ein annan har fått ytingar, jfr. Lov om sosiale tenester § 8-1.  
 
Tidfesting av opphaldsperiodar 
Sosialadministrasjonen tidfester periodar for opphald i avlastingsbustaden. Avlastingsperiodar blir tidfesta for heile eller deler av brukaråret samstundes. Ved oppsetting av avlastingsperiodane vert det teke omsyn til:

  • vedtak om avlasting
  • samansetting av brukargrupper m.a. med omsyn til alder, og eventuelt funksjonsnivå
  • omsyn knytta til personalet (t-d- arbeidsmiljølova sine krav til arbeidstid og vaktplan)
  • disponible økonomiske ressursar til føremålet     

Ansvarsdeling avlastingsbustad/sosialavdeling 
Medan det er sosialtenesta sin administrasjon v/sosiale tenester som har sakshandsamaroppgåvene vedkomande tilbodet i avlastingsbustaden, er det avlastingsbustaden sin daglege leiar som har ansvaret for den direkte kontakten mellom avlastingsbustaden og foreldre/føresette i samband med avlastingsopphald. Dagleg leiar har elles oppgåver i samsvar med utarbeidd ramme for sitt arbeidsområde.  
 
Praktiske ordningar i samband med avlastingsopphald 
I samband med avlastingsopphald gjeld fylgjande:

  • tøy/utstyr tilhøyrande brukaren må vera namnemerka 
  • dersom det oppstår sjukdom i familien som kan ha å seia for andre brukarar av avlastingsbustaden, t.d. infeksjonssjukdomar, må foreldre/føresette melda frå om dette til sosialadministrasjonen, eventuelt avlastingsbustaden. Utfrå slik melding kan det vurderast om sjukdomen lyt få konsekvensar for tilbodet i avlastingsbustaden, eventuelt om den sjuke bør vera heime  
  • foreldre/føresette må melda frå til avlastingsbustaden dersom det oppstår vanskar av ulik art som kan verka inn på den funksjonshemma (dersom vanskane og konsekvensane av desse er av vesentleg art og har å seia for avlastingsopphaldet)  
  • dersom ein brukar blir sjuk under eit opphald i avlastingsbustaden, skal dei tilsette melda frå til heimen. Viss det gjeld smittsam sjukdom som andre brukarar bør unngå å bli smitta av, skal det vurderast om den sjuke bør tilbakeførast til heimen 
 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 18.11.2009
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering