Bustadfelt, økonomisk støtte til private bustadfelt

1. Føremål

1.1 Føremålet med desse retningslinene er å forenkla behandlinga av søknader om økonomisk støtte til private bustadfelt og sikra at slike søknader vert behandla på mest mogleg likt grunnlag.

1.2 Kommunen er oppteken av at det til ei kvar tid er lagt til rette for bustadtomtar i alle delar av kommunen og at kommunen med dette gjer det attraktivt for nye innbyggjarar i busetja seg i Bømlo. 

2. Verkeområde

2.1 Desse retningslinene gjeld for søknader om økonomisk støtte til utbygging av bustadfelt i privat regi og omfattar berre felt med meir enn 10 bustadtomtar. Utbyggingsområdet skal liggja i Bømlo kommune. 

3. Definisjonar

Sentrumsfjerne område: Felt som ligg meir enn ein halvtimes gangavstand (ca.3 km) frå kommunesenteret og som treng styrkjast.

Private bustadfelt: Feltutbygging som byggjer på vedteken reguleringsplan eller utbyggings­plan der det er regulert inn bustadtomtar og der utbyggjaren er andre enn staten, fylket eller kommunen.

Lån: Økonomisk støtte som skal betalast tilbake til kommunen innan ei fastsett tidsramme og utan rentetillegg. 

4. Søknader og krav til innhald

4.1  Alle søknader om økonomisk støtte til utbygging av private bustadfelt skal vera skriftlege og skal som eit minimum innehalda vedlegg som budsjett for utbygginga og dokumentasjon for omfanget av denne i form av kart.

4.2  Det skal gå fram av søknaden kor stort rentefritt lån det vert søkt om og forslag til tilbakebetalingsplan.

4.3  Reguleringsplan eller utbyggingsplan skal liggja ved søknaden.

4.4  Dersom kommunen krev ytterlegare dokumentasjonar, skal desse leggjast fram før søknaden vert realitetsbehandla. 

5. Behandling

5.1  Alle søknader om økonomisk støtte til private bustadfelt skal behandlast individuelt og skal leggjast fram til formannskapet til avgjerd. Formannskapet vedtar kva vilkår som er knytt til støtta.

5.2  Søknader om økonomisk støtte skal behandlast utan ugrunna opphald og etter kvart som dei kjem inn.

5.3   Dersom støtte vert gitt av formannskapet, skal det lagast ein skriftleg avtale mellom utbyggjar og kommunen. 

6. Kriterier/vilkår for å få økonomisk støtte

6.1  Følgjande prinsipp skal leggjast til grunn ved tildeling av økonomisk støtte:

  • "Sentrumsfjerne" område bør prioriterast, og berre heilt unntaksvis skal kommunen yta denne form for hjelp til feltutbygging nær kommunesenteret.
  • Felt skal vera i tråd med vedtekne prioriteringar i kommuneplanen.
  • Felt med planar med god utnytting av areal og andre ressursar skal prioriterast.
  • Felt som prioriterar energiøkonomisering og andre miljøtiltak skal prioriterast.

6.2   Følgjande vilkår skal leggjast til grunn i behandlinga av søknaden:

  • Rentefrie lån kan gjevast for inntil 20% av den totale kostnaden for opparbeiding av feltet, men med ei øvre grense på kr. 500 000 for kvart bustadfelt som det vert søkt om støtte til.
  • Lån skal betalast tilbake med ein avtalt sum for kvar selde tomt i feltet. Likevel slik at sal av dei første 40% av tomtane skal (talet avhengig av antal tomtar i feltet) vera avdragsfrie. Lånebeløpet vert deretter å fordela på sal av tomtar frå 40% til 80% av det totale talet på tomtar i feltet.
  • Maksimal tid for tilbakebetaling av lånet er 10 år. 

7. Økonomi

I samband med den årlege behandlinga av budsjett og økonomiplan har kommunen som mål å setja av årlege midlar til denne låneordninga. 

8. Kommunen sine plikter

Kommunen pliktar seg til å ta over veganlegg i felt som vert godkjent for slik låneordning straks vilkåra for slik overtaking er til stades, jamfør gjeldande "reglar for kommunal overtaking av private bustadfelt i Bømlo kommune". 

9. Søkjar sine plikter

Søkjar som får innvilga økonomisk støtte i form av rentefritt lån, skal etterkoma dei vilkår som kommunen stiller. Dersom dette ikkje skjer, kan kommunen krevja at tilskotet/lånet vert betalt tilbake straks kommunen vert kjend med dette.

Retningslinene er godkjende av formannskapet i møte 17.01.06, sak nr. 06/6.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 18.11.2009
Fant du det du leitte etter?