Klage på enkeltvedtak i barnevernet

Rettar du har som part i saka - framgangsmåte ved klage over enkeltvedtak gjort av barneverntenesta 

Du har rett til å klaga på vedtaket. Rette klageinstans er Fylkesmannen i Hordaland. Klaga skal likevel rettast til barneverntenesta i Bømlo. Klaga skal setjast fram munnleg eller skriftleg. Dersom klaga vert sett fram munnleg, skal ho skrivast ned og underteiknast av klagar. 

Klagefristen er 3 veker frå den dagen du har teke imot vedtaket/avgjerda, jfr. § 29 i forvaltningslova. I særlege høve kan klagefristen lengjast. 

Barneverntenesta kan hjelpa til med å setja opp klaga. Klageskrivet må visa til det vedtaket/den avgjerda det vert klaga over, og innehalda dei endringane ein ynskjer i vedtaket. 

Dersom du ynskjer det, skal barneverntenesta etter nærare reglar gje opplysningar om; 

  1. retten til å gjera deg kjend med saksdokumenta så langt det er heimel for det i forvaltningslova §§ 18 og 19,
  2. retten til å få tildømt sakskostnader etter forlavtningslova § 36,
  3. retten til  søkja gjennomføringa av vedtaket utsett, dersom iverksetjinga av vedtaket kan tenkjast å vera til skade for klagaren før avgjerda i klagesaka ligg føre,
  4. retten til å la deg bli representert av ein annan person,
  5. retten til å søkja fritt rettsråd, eventuelt også fri saksførsel 

NB: Hugs at klaga skal sendast til barneverntenesta!

Ta gjerne kontakt med oss dersom noko ved vedtaket er uklårt. 

Sjå også utdrag frå Lov om barneverntenester §§ 4-1, 4-2, 4-3, 4-4, 4-5. Dersom du ønskjer kopi av andre paragrafar i lovteksten, kan du ta kontakt med barneverntenesta eller sjå www.lovdata.no.  

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 18.11.2009
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering