Konsesjon for vising av film og videogram

1. Verkeområde
Vilkåra gjeld alle som skal omsetja eller syna film og videogram i næring i Bømlo kommune. Vilkåra er gjeven med heimel i Lov om film og videogram, med innarbeidde endringar av 7. mai 1998, og dessutan Forskrift om film og videogram fastsett av Kulturdepartementet 20. 12. 1999. 

2. Rett til å gje konsesjon
I tråd med sak PS 28/06 i kommunestyret 03.04.2006 vart administrasjonen gjeve rett å gjera vedtak om konsesjon som videoforhandlar, eller andre som Kommunestyret kan delegera oppgåva til. Dette i samsvar med § 2 i Lov om film og videogram. Avslag på konsesjonssøknad kan klagast til formannskapet. 


3. Særskilde konsesjonsvilkår

  • Konsesjon vert gjeve til føretak som juridisk person med spesifiserte forretningslokale og med registrert eigar/ Dagleg leiar.
  • Konsesjon kan etter særskild vurdering nektast til føretak der eigar eller dagleg leiar i løpet av dei siste 4 år er straffa for brot på paragrafane 211 eller 382 i Straffelova, eller har drevet verksemd i strid med reglane i Lov om film og videogram av 15. mai 1987 nr 21, med endringar.
  • Omsetnad av film og videogram kan berre gjerast av person som er fylt 18 år.
  • Anbefalte aldersgrenser eller aldersgrenser fastsett av Statens filmtilsyn skal haldast både ved omsetnad og syning av film og videogram. Fullmakt frå føresette eller andre over 18 år gjev ikkje høve til å leige/ kjøpe uten hinder av aldersgrensene.
  • Den som driv omsetnad av videogram pliktar å tilby eit rimeleg utval av det som finst på marknaden, av norskspråkleg film og filmar for barn og unge. 

4. Gyldigheit - oppseiing
Konsesjon vert gjeven for inntil 4 år. Alle konsesjonar i kommunen går ut på same tid. Konsesjonsinnehavar vert varsla av kommunen seinast 4 månadar før utløp. Verksemder som ynskjer å etablera seg i ein konsesjonsperiode kan få konsesjon fram til den generelle konsesjonsperioden sitt utløp.

Bømlo kommune kan trekkja attende ein konsesjon om innehavar av denne set seg ut over dei reglar som følgjer av lov, forskrifter og konsesjonsvilkår. 

5. Trer i kraft

  • Desse konsesjonsvilkåra trer i kraft frå 04.04.2006.
  • Ny verksemd kan fyrst setjast i verk når konsesjon er gjeven

6.  Endringar
Desse vilkåra kan berre endrast av Bømlo formannskap etter tilråding av Kultur- og miljøvernstyret.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 18.11.2009
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering