Ølsal, retningslinjer

Retningslinjer for sal av øl med inntil 4,75 volumprosent alkohol 

1.  Løyve til sal av øl kan berre gjevast av kommunestyret sjølv.

2.  Salsløyve for øl kan berre gjevast til vanlege daglegvareforretningar.  Dette inneber at løyve ikkje vert gjeve til storkioskar, bensinstasjonar o.l., sjølv om desse også sel daglegvarer.  

3.  Salsløyve  for øl kan gjevast for inntil fire år om gongen, likevel ikkje lenger enn fram til 31. mars året etter kommuneval (jfr. alkohollova § 1-6). 

4.  Salstider for øl vert vedtekne av kommunestyret i samband med tildeling av løyve, eller i forskrifter med heimel i alkohollova § 3-7.  Følgjande maksimale salstider skal gjelda: 
 
Måndag - fredag:   kl. 0900 - kl. 1800
Laurdag:               kl. 0900 - kl. 1500
 
5.  Avgift til kommunen for sal av øl skal fastsetjast i samsvar med reglane i alkohollova § 7-1.   Avgifta skal nyttast til å finansiera kommunen si kontrollverksemd etter alkohol­lova § 1-9.  Overskotet skal nyttast til finansiering av prioriterte rusførebyggjande tiltak.

6.  Ved brot på reglane i alkohollova eller reglar gjevne med heimel i denne lova, og ved brot på reglar gjevne med heimel i andre lover når dette har samanheng med føremåla i alkohol­lova, vil kommunestyret vurdera følgjande reaksjonar: 
 
 - Skriftleg åtvaring 
 - Mellombels inndraging av salsløyvet for kortare eller lengre tid 
 - Inndraging av løyve  
 
Ved alvorlege regelbrot må det påreknast at salsløyvet vert inndrege for resten av løyveperioden.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 07.01.2010
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering