Rett til barnehageplass

Søknadsskjema for barnehageplass

Prisar/betaling

Barnehagelova § 12a;  Rett til barnehageplass:

"Det er kommunen sitt ansvar å fylla retten til barnehageplass. Kommunen må i dimensjoneringa av behovet for tal på barnehageplassar ta omsyn til barnehagen, vedtekter, tilflytting, ynskjer og behov for plassar over og under 3 år".

"Retten til plass frå august gjeld for barn som fyller 1 år seinast innan utgongen av august det året det vert søkt om barnehageplass".

Barnehagane i Bømlo kommune har kontinuerleg opptak, men fristen til å søkja barnehageplass f.o.m oppstart av nytt barnehageår er sett til 1. april for å ivareta lovverket om kommunal rett. Kommunen er klageinstans. Kommunen bør difor dimensjonera planlegginga si med at ein har ledig godkjent areal, og at barnehagane dermed kan auka drifta ved behov.

Kriterier:

  1. Born med funksjonshemming - dersom barnet vil ha nytte av opphald i barnehage, jmf. Lov om barnehagar §9.  Krav til dokumentasjon (frå lækjar, psykolog, PPT).
  2. Born med særskilde og tydeleg klårlagde sosiale-, pedagogiske- eller medisinske problem, der opphald i barnehage kan vera til nytte, hjelp, eller som ein del av behandlinga, eller der stoda i heimen er slik at det er fare for at slike problem kan oppstå.  Dette kan t.d. vera i heimar med vanskelege sosiale tilhøve, heimar med rusproblem m.v.  Krav til dokumentasjon frå PPT, lækjar, barnevernstenesta.
  3. Vedtektene til den enkelte barnehage.

Ved opptak skal det takast omsyn til samansetjing av dei einskilde gruppene, slik at det ikkje vert urimeleg tal av born med funksjonshemmingar eller andre særskilde problem i høve til andre, og til gruppene sine personalressursar.
 

Oppseiing eller endring av barnehageplass:
Oppseiing skal skje skriftleg, og leverast/sendast til den barnehagen barnet har plass.  Manglande foreldrebetaling kan føra til at barnet misser plassen sin. Dei private barnehagane har eigne vedtekter og eigne rutinar i høve oppseiing av plass.
 
 

Sist endra 30.08.2013
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering