Støttekontaktordninga


1.0 Generelt om støttekontaktordninga
 
 
1.1 Etter lov om sosiale tenester, kap. 4, skal dei sosiale tenestene femna om støttekontakt, som er eit tilbod til fysisk, psykisk eller sosialt funksjonshemma barn eller vaksne. Støttekontakt som eit hjelpetiltak kan også heimlast i Lov om barneverntenester. Støttekontakten skal aktivt hjelpa den einskilde brukar til: 

  • å bryta isolasjon og få sosial kontakt utafor heimen
  • å få sosial trening
  • å gje tilværet eit meir positivt innhald
  • å få trening i praktiske gjeremål
  • å få hjelp til å overvinna eit rusproblem
  • å få hjelp til å løysa eller letta andre problem av varig eller mellombels art  

1.2 Tildeling av, eller avslag på søknad om sosiale tenester, er einskildvedtak etter forvaltningslova. Avgjerda kan påklagast.   
 
 
2.0 Vedtak om oppretting av støttekontaktteneste  
 
2.1 Søknad om støttekontakt skal vurderast etter Lov om sosiale tenester § 4-3 eller Lov om barneverntenester § 4-4. Sisnemnde lovheimel skal til vanleg nyttast i høve til barn/unge under 18 år.  
 
2.2 Oppretting av støttekontaktordning skjer etter vedtak av sosialadministrasjonen, eventuell ansvarsgruppe for einskildspersonen bør til vanleg ha vorte gjeve høve til å uttala seg. 
 
 
3.0 Grunnlag for vurdering av søknad/organisering av tiltaket  
 
3.1 Oppretting av støttekontaktordning skal skje i samråd med søkjar eller talsperson for denne. Eventuelt utarbeida tiltaksplan skal vera del av vurderinga.  
 
3.2 Før støttekontaktordning vert oppretta skal behovet sjåast i høve til ei totalvurdering av søkjaren sin livssituasjon. Mellom anna må det vurderast om behovet for hjelpeteneste kan løysast på alternative måtar, t.d. ved: 

- deltaking i lag og organisasjonar
- vaksenopplæring
- fritidskontakt gjennom kulturkontoret
- diakoninemnda si kontaktteneste
- miljøpersonale eller andre heimetenester  
 
3.3 Utfrå ei fagleg vurdering kan det vera føremålstenleg å setja inn støttekontakt i høve til ei gruppe brukarar. Ordninga opnar for slik organisering.  
 
3.4 Støttekontaktordninga er retta inn mot funksjonshemma sin trong for hjelpeteneste i motsetnad til avlasting som fyrst og fremst er eit tilbod til foreldre/føresette.  
 
3.5 Vert det bestemt at støttekontakordninga skal opprettast, skal vedtaket til vanleg avgrensast i tid. Vedtaket skal, på grunnlag av dei opplysningar som er grunngjevinga for søknaden, innehalda målsetjing for tiltaket. På dette viset kan verdien av tiltaket vurderast over tid i høve til målsetjinga. I høve der det vanskeleg kan utformast ei konkret målsetjing for støttekontaktordninga, kan det likevel unnataksvis ytast støttekontaktteneste. 

For tidsavgrensa vedtak skal evaluering av tiltaket skje undervegs, og minst 1 gong årleg.   
 
 
4.0 Prioritering mellom søkjarar  
 
4.1 Dersom det er naudsynt å prioritera mellom søkjarane ut frå økonomiske rammer fastsette av kommunestyret, skal slik prioritering leggjast til grunn;  

  1. barn som bur i foreldreheim
  2. barn i andre buformer
  3. vaksne som bur i foreldreheim med lite andre tenester 
  4. vaksne i eigen bustad utan eller med lite av andre tenester 
  5. søkjarar som skal skrivast ut frå institusjon/sjukehus der støttekontakt er ein del av utskrivingsvedtaka
  6. vaksne i eigen bustad/gruppebustad med omfattande personaldekking/tenestetilbod 
  7. vaksne i institusjon, sjukehus e.a. med døgnkontinuerleg personaldekking 
  8. andre søkjarar

 4.2 Dersom innvilging av støttekontakt etter sosialtenesta si vurdering er den mest føremålstenlege løysinga for å dekkja søkjar sitt grunnleggjande behov, jfr. Lov om sosiale tenester § 4-3, skal slike søknader alltid prioriterast, då dette er pliktmessig yting.   
 
 
5.0 Bruk av støttekontakttenesta  
 
5.1  Bruk av støttekontakten skal skje i samråd mellom sosialavdelinga, støttekontakten, den funksjonshemma og eventuelt foreldre/føresette. Arbeidet skal elles utførast i samsvar med gjeldande regelverk.  
 
5.2 Støttekontakttimane er gratis for den funksjonshemma, og støttekontakten vert løna av kommunen i samsvar med gjeldande regelverk. Den funksjonshemma må dekkja billettutgifter o.l. for seg. Støttekonakten får refundert sine utgifter til billetter o.l. frå arbeidsgjevar med inntil kr 10,- pr disponert time pr mnd. I fall støttekontakten har billettutgifter utover dette, må dei dekkjast av den funksjonshemma eller heimen. Dersom støttekontakten må nytta eigen bil i tenesta, må den funksjonshemma eller heimen betala støttekontakten for dette. Rettleiande sats er kr 1,75 pr km.  
 
5.3 Sosialavdelinga skal engasjera støttekontaktar. Ordninga skal gjelda for den tid støttekontakt er engasjert. (D.v.s. at ein ikkje "sparar opp" timar i periodar det eventuelt ikkje er engasjert støttekontakt). Dersom den funksjonshemma for meir enn 14 dagar vert teken hand om på anna vis, t.d. ved sjukehusopphald e.a., vil støttekontaktordninga til vanleg falla bortfor tilsvarande tidsbolk.



For meir informasjon - ta kontakt med:

BØMLO KOMMUNE
Sosiale tenester, v/Gro Marita Våge
Bømlohallen
5430 Bremnes
tlf. 53 42 31 87

Sosiale tenester er ein del av Barne- og familietenesta i Bømlo


 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 26.03.2012
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering