Vandelskrav ved løyve for sal og skjenking av alkohol

1. Alkohollova set ulike krav til vandel for løyvehavar og for styrar.  

2. Etter § 1-7b skal løyvehavaren ha vist uklanderleg vandel i høve til: 

  • alkohollovgivningen
  • bestemmelser i annen lovgivning som har smmenheng med alkohollovens formål
  • skatte, avgifts- og regnskapslovgivning 

3. Kven som konkret kjem inn under desse krava er ei sak for seg, dette må me drøfta konkret i tilknyting til oppattnying av sals- og skjenkeløyve våren 2000.  
 
4. Etter § 1-7c skal styrar og reservestyrar ha vist uklanderleg vandel i høve til: 

  • alkohollovgivningen
  • bestemmelser i annen lovgivning som har sammenheng med alkohollovens formål

4. Det kan såleis ikkje stillast krav om at styrar og reservestyrar skal ha vist uklanderleg vandel i høve til skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga.  
 
5. Når det gjeld spørsmålet om kva som vert omfatta av orda "sammenheng med alkohollovens formål", er det i departementet sine kommentarar peika på vegtrafikklova sine reglar om promillekjøring, og tollova sine reglar om smugling av alkoholhaldig drikk. I tillegg vil brot på reglane i politivedtektene om ro og orden kunna tilleggjast vekt. 

13.01.2000

Retningsliner for tildeling av skjenkeløyve

Retningsliner for sal av øl

Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 18.11.2009
Fant du det du leitte etter?