Brann og redningBømlo brann og redning er eit deltidsbrannvern med 46 tilsette fordelt på fire stasjonar: Bremnes, Moster, Langevåg og Espevær brannstasjon. Ved hovudbrannstasjonen på Svortland er det ei vaktordning med 1 overbefal og 3 brannkonstablar på vakt til ei kvar tid. Vakthavande befal kan nåast på telefon 958 48 007.Beredskapsavdelinga har som hovudoppgåve å redda liv (menneske og dyr), redda verdiar og avgrensa skadeomfang.Arbeidsoppgåver: Sløkkja brannar Trafikkulukker, redningsoppdrag og andre ulukker Brann og redning på sjøen (brann i båt) Akutt forureining/oljevern (ulukker, tankbil, lekkasje på sjøen) Sist endra 26.03.2021 14:34