Eldstad

Du må alltid senda melding til kommunen hvis du installerer, endrar eller fjernar ein eldstad. Dette gjer du for at brannvesenet skal få operert raskare og tryggare hvis ein brann oppstår.

Meld frå om ny eldstad 

Meld frå om ny eldstad ved å fylla ut skjemaet under. (Ny skorstein er søknadspliktig, sjå her)

Melding om nytt ildsted

Skjema vert automatisk sendt til kommunen når utfyllinga er ferdig og du trykkjer på send inn. 

Vegleiar for montering og oppføring

Det vert ikkje stilt formelle krav til den som skal setja opp ein eldstad. Me rådar likevel til at du brukar kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Kva er kravet?

Etter Plan- og bygningslova(Pbl) § 20-3, bokstav c og Byggesakforskriften(SAK 10) § 3-1, bokstav a, er installasjon av ny eldstad unnateke frå krav om søknad og løyve.

Men etter Forebyggendeforskrift § 6, første ledd, skal eigaren melda frå til kommunen(brannvesenet) når det er installert ny eldstad eller føreteke andre vesentlege endringar på fyringsanlegget.

Kva er utsleppskravet? 

Lukka eldstad for vedfyring skal utførast slik at det vert oppnådd tilfredsstillande tryggleik mot forureining. Utslepp av partiklar frå slik eldstad skal ikkje overstiga verdien gitt i Norsk standard NS-3059 Lukkede vedfyrte ildsteder-Røykutslipp-Krav (TEK 17 § 9-10).

Kan eg montera eldre ovn?

Eldre ovnar tilfredsstiller ikkje utsleppskrava slik som nye reintbrennande ovnar.

Dersom du vil bruka eldre bevaringsverdig eldstad av omsyn til interiøret i kulturhistorisk eller verneverdig bygning, kan slik bevaringsverdig eldstad likevel takast i bruk (TEK 17 § 9-10).

Men hugs at:

  • tilstanden og installasjonen til ein slik eldstad alltid må tilfredsstilla dei generelle tryggleikskrava til eldstader utan dokumentasjon
  • slik eldstad kan ikkje monterast i nytt hus.

Kva må eg vite om nye ovnar? 

Nye ovnar må:

  • tilfredsstilla utsleppskrava i den norske standarden NS-3059
  • ha CE-merket
  • vera godkjent etter den norske standarden NS 13420
  • vera testa ved SINTEF(Norge), Statens Provningsanstalt(Sverige) eller Teknologisk Institutt(Danmark).
  • ha bruks- og monteringsveiledning på norsk eller eit skandinavisk språk

Kven kan montera ovn?

Det er ikkje formelle krav til montør. Det betyr at alle kan montera ein eldstad så lengje dei følgjer monteringsanvisninga og gjeldande regelverk.

Me rådar til å bruka ein murar eller ovnsmontør anbefala av produsenten og få monterinsbevis som følger ovnen, eller bruk det skjema som ligg i lenkja lenger oppe. 

Har du spørsmål?

Andreas Salomonsen
brannforebygger
E-post
Telefon 90 03 47 23
Mobil 90 03 47 23
Til toppen