Feiing

Bømlo brann og redning utfører feiing i bustader og fritidsbustader. 

Kva tid kjem feiaren?

Melding om at feiaren kjem får du tilsendt som tekstmelding nokre dagar på førehand. Dersom tidspunktet ikkje passar, kan du kontakta feiaren på telefonnummeret som er oppgitt i meldinga. Du kan sjå kva opplysningar som er registrert på din eigedom ved å logga på med bank Id (trygg innlogging)

Lenke til min eigedom Kva er min eigedom

Kommunen skal sjå til at feiing vert utført ved behov.  Feiaren avgjer kor ofte kvar pipe skal feiast basert på opplysningar om sotmengde, fyringsmønster og tilstand. Send oss ein e-post dersom du ynskjer feiing eller har andre spørsmål om tjenesta.

Kva må eg gjera når feiaren kjem?

Før feiaren kjem må du som huseigar sjå til at heile fyringsanlegget er klargjort og tilgjengeleg. Dette må du hugsa på: 

  • eldstaden må vera sløkt og alle luker og spjeld må vera lukka. 
  • dersom feiing skal utførast frå tak må stige vera lagt fram. 
  • sjekk at takstige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket. 
  • varsla alle bebuarar om at feiaren kjem. 

Krav til takstige og trygg tilkomst ved feiing frå tak 

Kommunen skal sjå til at feiarane har trygg tilkomst til pipa når dei skal feia frå tak. Det inneber at huseigar må ha tilfredsstillande takstige, samt at andre tryggleikstiltak som er naudsynte er satt i verk. Som huseigar må du difor sørgja for følgjande tiltak: 

  • det må vera fastmontert takstige heilt fram til pipa. 
  • takstigar som er festa med bøyle over mønet eller med kjetting rundt pipa er ikkje godkjent. 
  • stige må leggjast fram og det må monterast godkjent stigesikring som hindrar at stigen sklir.
  • har bygget fleire piper må det vera stige til kvar pipe, eller det må monterast gangbro mellom pipene. 
  • dersom pipa er høgare enn 1,2 meter over taket, målt på pipas kortaste side, skal det vera montert typegodkjent feieplattform. 

Sjå illustrasjon (PNG, 541 kB) for eksempel på sikring. 

Arbeidsmiljølova og forskrifter om helse- miljø og tryggleik stiller krav til arbeidstakarane sin tryggleik i deira arbeidssituasjon.

Sjå vår brosjyre som er laga saman med nabokommunar

Har du spørsmål?

Andreas Salomonsen
Brannførebyggjar
E-post
Mobil 90 03 47 23
Til toppen